Faktaboks

Vidar Helgesen
Fødd
21. november 1968, Bodø, Nordland
Vidar Helgesen i 2017.
Vidar Helgesen i 2017.
Av /NTB.

Vidar Helgesen er ein norsk jurist, diplomat og politikar for Høgre. Helgesen var statsråd i regjeringa Solberg 2013–2018. Frå 2021 var han direktør ved Nobelstiftinga i Stockholm, og frå 2023 er han sjef for FNs internasjonale havkommisjon.

Bakgrunn

Vidar Helgesen er fødd i Bodø og oppvaksen på Nøtterøy (no Færder kommune) i Vestfold. Han tok vidaregåande skule 1984–1987 i Tønsberg, var ferdig cand.jur. ved Universitetet i Oslo i 1998 og blei teken opp til Utanriksdepartementets aspirantkurs i 1999.

Karriere

Helgesen var spesialrådgivar i Den internasjonale Raudekrossen i Genève 1998–2001, arbeidde som advokatfullmektig i Oslo i 2001 og var generalsekretær i Det internasjonale institutt for demokrati og valassistanse (International Institute for Democracy and Electoral Assistance (IDEA)) i Stockholm 2005–2013. Vidar Helgesen er frå 2021 direktør ved Nobelstiftinga i Stockholm. Frå 2018 var han spesialrepresentant for det internasjonale havpanelet for bærekraftig havøkonomi, og frå 2023 er han leiar for FNs internasjonale havkommisjon.

Politisk karriere

Vidar Helgesen
Vidar Helgesen i Stortinget, november 2015.
Vidar Helgesen
Av /NTB scanpix.

Helgesen var medlem av sentralstyret i Unge Høgre 1989–1991, og han var nestleiar i Oslo Unge Høgre. Han blei tidleg sterkt engasjert i kampen for norsk EU-medlemskap og leia i 1994 Høgre sitt arbeid for eit ja-fleirtal ved folkeavstemminga. Han var statssekretær for statsråd Jan Petersen i Utanriksdepartementet 2001–2005 i Kjell Magne Bondeviks andre regjering. Der var han mellm anna engasjert i det norske arbeidet med å skape fred på Sri Lanka.

Helgesen var statsråd og stabssjef ved Statsministerens kontor 2013–2015 i regjeringa Solberg, med ansvar for EØS- og EU-saker. Frå desember 2015 til januar 2018 var han klima- og miljøminister. Helgesen gjekk av som statsråd då Venstre gjekk inn i regjeringa Solberg i januar 2018. Politisk har Helgesen vore særleg oppteken av menneskerettar, fredsmekling og flyktningproblem.

Andre verv

Helgesen har hatt fleire ulike verv, mellom anna var han medlem av styret i NGS (Norges Gymnasiastforbund) i 1987–1989, leiar for Operasjon Dagsverk i 1987–1988 og redaksjonssekretær i tidsskriftet Tidens Tegn i 1996–1998. Han har òg fleire internasjonale verv.

Utgjevingar

Han var redaktør for boka Grenser for politikk. Høyre som grensevakt? (1994), saman med Jan Tore Sanner og André Støylen, og Partiet, makten og staten (1995), som handlar om makta til arbeidarrørsla og Arbeidarpartiet.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg