Hopp til innhold
Viggo Hansteen, 1919. Foto: Ernest Rude/Oslo Museum CC BY SA 4.0
Viggo Hansteen, 1919. Foto: Ernest Rude/Oslo Museum CC BY SA 4.0
X
Innhald

Viggo Hansteen

Viggo Hansteen, 1900–41, var jurist og politikar (A/NKP/Mot Dag). Viggo Hansteen var gift med Kirsten Hansteen. Han verka som høgsterettsadvokat frå 1933, og som juridisk konsulent for LO frå 1936. Ved årsskiftet 1939–40 melde han seg ut av NKP. Hansteen vart arrestert av tyskarane under unntakstilstanden i Oslo 10. september 1941 og avretta same dag saman med klubbformannen Rolf Wickstrøm.

Først publisert: 04.02.2016
Sist oppdatert: 04.02.2016