Hopp til innhold
Sverre Iversen. Ukjend fotograf. Kjelde: Oslo Museum CC BY SA 4.0
Sverre Iversen. Ukjend fotograf. Kjelde: Oslo Museum CC BY SA 4.0
X
Innhald

Sverre Iversen

Sverre Iversen, politikar for Arbeidarpartiet, og direktør i Statens arbeidsdirektorat.

Sverre Iversen, 1879–1967, var murar, fagorganisasjonsleiar, offentleg tenestemann og politikar for Arbeidarpartiet/NSA. Iversen var formann i Murarforbundet frå 1908, LO-sekretær frå 1911, varaordførar i Kristiania i 1917–19 og lønnsrådmann i 1926–41. Under krigen var han med i «Kretsen», og etter krigen vart han direktør for Statens arbeidsdirektorat. Denne stillinga hadde han frå 1945 til 1950.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 15.02.2016
Sist oppdatert: 15.02.2016