Hopp til innhold
Foto: Stortinget
Foto: Stortinget
X
Innhald

Gorm Kjernli

Gorm Lybeck Kjernli, kommunikasjonsrådgjevar og stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Akershus 2008—2013.

Gorm Kjernli er fødd 31. desember 1981 i Oslo og voks opp i Ski. Han tok Drømtorp videregående skole i 1997–2000, bachelorgrad i kultur og samfunn/statsvitskap ved Universitetet i Oslo i 2001–05 og studerer til master i statsvitskap ved Universitetet i Oslo. Han arbeidde deltid i Posten i 1998–2001, var ekstrahjelp i Posten brevsenter i 2002–03 og var fylkessekretær i Akershus AUF i 2003–04. Han var stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Akershus 2008—13 og arbeider i kommunikasjonsbyrået GambitH + K frå 2013.
Kjernli har vore leiar av Ski AUF (2002–04) og økonomiansvarleg (2005–06) og leiar (2006–07) i Akershus AUF. Han var medlem av Ski kommunestyre for Arbeidarpartiet i 2003–08 og leiar i Ski Arbeidarparti frå 2008. Han var vararepresentant til Stortinget i perioden 2005–09, men møtte fast frå 2008 for statsråd Anniken Huitfeldt og fekk fast plass i 2009. Dei viktigaste politiske sakene hans er fråfall i vidaregåande opplæring, kollektivtransport, jernbane og miljø.
Kjernli har vore medlem av brukarutvalet i Ski (2003–07), skuleutvalet for Oppegård videregående skole (2004–08) og utvalet for samfunn og miljø i Ski (2007–08). Han er medlem av styret for Det norske råd for kurdernes rettigheter frå 2007.
Kjelder
Gorm Kjernli, «Representanter og komiteer», stortinget.no: http://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=GOK [lesedato 3.3.2012]
Peikarar

Først publisert: 05.06.2012
Sist oppdatert: 25.11.2019