Faktaboks

Martin Kolberg

Martin Arvid Kolberg

Fødd
24. februar 1949, Drammen, Buskerud
Martin Kolberg
Martin Kolberg var ein svært sentral politikar i Arbeidarpartiet frå 1980-talet fram til han gjekk ut av rikspolitikken i 2021. Her er han fotografert i 1989.
Av /Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek.
Lisens: CC BY NC ND 4.0
Martin Kolberg
Martin Kolberg på Stortinget sin talarstol under sitt siste år på Stortinget 2021.
Av /Stortinget.
Lisens: CC BY NC ND 2.0

Martin Kolberg er ein norsk politikar for Arbeidarpartiet. Han var partisekretær 2001–2009 og stortingsrepresentant for Buskerud frå 2009 til 2021.

Bakgrunn

Martin Arvid Kolberg er fødd i Drammen i Buskerud. Han tok elektrofagvidaregåande skule, teknisk forkurs og var ei stund student ved Oslo Tekniske Høyskole utan å fullføre. Kolberg har arbeidd som hjelpearbeidar i mekanisk industri, som laboratorieassistent ved Drammen Kabelfabrikk i 1968–1972, som hjelpearbeidar ved Romika skofabrikk og som postbod.

Politisk karriere

Kolberg arbeidet i partiorganisasjonen til Arbeidarpartiet og AUF frå 1973. Han var medlem av AUFs sentralstyre 1973–1981, sekretær i AUF 1977–1981, organisasjonssekretær i Arbeidarpartiet 1973–1977 og 1981–1986, samt kontorsjef 1986–1992. Han var medlem av Lier kommunestyre 1971–1979. Han vart medlem av sentralstyret i partiet i 1995 og var partisekretær i Arbeidarpartiet 2000–2009. Frå 2018 til 2022 var han leiar av Buskerud Arbeiderparti.

Kolberg var sekretariatsleiar for stortingsgruppa til Arbeidarpartiet 1992–1995 og 1997–2001. Han var vararepresentant til Stortinget frå Buskerud 1977–1981 og 2001–2005. Frå 1995 til 1996 var Kolberg statssekretær for statsminister Gro Harlem Brundtland ved Statsministerens kontor, deretter statssekretær for statsråd Jørgen Kosmo i Forsvarsdepartementet i regjeringa Jagland 1996–1997.

Kolberg var innvald som stortingsrepresentant 2009–2021 og var parlamentarisk nestleiar i partiet 2009–2013. Han var nestleiar i kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget frå 2009 til 2013 og leiar av komiteen frå 2013 til 2017. Frå 2017 til 2021 var han medlem av utanriks- og forsvarskomiteen. Han søkte ikkje attval ved stortingsvalet i 2021, og avslutta med dette karrieren sin som rikspolitikar 72 år gammal.

Kolberg har arbeidd mykje med å utvikle ideologien til Arbeidarpartiet og å styrkje forholdet til fagrørsla. Han arbeidde for medlemsdemokrati og for å knekkje «Frp-koden», som viser til den folkelege appellen til Framstegspartiet.

Andre verv

Han var medlem av bygningsrådet i Lier i 1971–1980, medlem av barnevernsnemnda og skulestyret i Lier, og medlem av vallovutvalet frå 1997.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Ulstein, Hege (2021). Tillitsmannen Martin Kolberg. Oslo: Aschehoug.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg