Hopp til innhold
X
Innhald

Gulbrand Oscar Johan Lunde

Gulbrand Oscar Johan Lunde, 1901–42, var direktør og medlem av Nasjonal Samling sidan starten i 1933.
 
Lunde sat i bystyret i Stavanger for partiet etter eit svært sterkt val i 1934, og han vart rikspropagandasjef frå 1935. Han vart oppnemnd som statsråd i kuppregjeringa Quisling 9. april 1940, men reiste ikkje til Oslo då. 25. september 1940 vart han utnemnd av rikskommissær Terboven til kommissarisk statsråd for Departementet for folkeopplysning og propaganda.
 
Guldbrand Lunde (i uniform) saman med Vidkun Quisling (til venstre, med svart frakk) i Trondheim 1941. Ukjend fotograf. Kjelde: Riksarkivet. Fri lisens.
 
Guldbrand Lunde (i uniform) saman med Vidkun Quisling (til venstre, med svart frakk) i Trondheim 1941. Ukjend fotograf. Kjelde: Riksarkivet. Fri lisens.

Då Quisling i februar 1942 vart utnemnd som «ministerpresident», vart Lunde sjef for Kultur- og folkeopplysningsdepartementet med ansvar for å nazifisere kulturlivet.
 
Gulbrand Lunde drukna saman med kona ved eit ferjeleie. Offisielt vart dette rekna som ei ulukke, men det har vore omstridt, og det er indikasjonar på at det kan ha vore eit tysk attentat.

 

Først publisert: 03.02.2015
Sist oppdatert: 03.02.2015