Hopp til innhold
Jon Lilletun. Foto: Stortinget, fri bruk.
Jon Lilletun. Foto: Stortinget, fri bruk.
X
Innhald

Jon Lilletun

Jon Lilletun, sentral politikar i KrF, var særleg engasjert i utdannings- og forskingssaker og i arbeid for barn og unge.

Jon Lilletun, sentral politikar i KrF, var særleg engasjert i utdannings- og forskingssaker og i arbeid for barn og unge.

Jon Lilletun var fødd 23. oktober 1945 på Voss og døydde 21. august 2006. Som yrkesaktiv tok han til i det private næringslivet, og han var handelsmann med eiga agenturforretning frå 1970 til 1975. I åra 1977–89 var han tilsett i Vennesla kommune, først som ungdomssekretær, seinare som kultursekretær og tiltakskonsulent.

Politikarkarrieren hans tok til som vararepresentant til Stortinget for KrF i Vest-Agder i perioden 1981–85, frå 1989 var han fast representant. Han var medlem av Kyrkje- og utdanningskomiteen i 1989–93 og leiar for den same komiteen i 1993–97. Då sentrumsregjeringa vart danna i 1997, vart han statsråd i Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet, men då den første Stoltenberg-regjeringa overtok i 2000, gjekk han tilbake til Stortinget.

Lilletun hadde sentrale verv i KrF, først som nestleiar i 1987–99, deretter som parlamentarisk leiar i 2001–05. Han var visepresident i Lagtinget i 2005–06 og hadde dessutan ei rekkje andre verv, både i det offentlege og i ulike organisasjonar.

Kjelder

Jon Lilletun, biografi, stortinget.no: https://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=JL

Peikarar

Utdanningsnytt: «En statsråd med vidd og tyngde», utdanningsnytt.no https://www.utdanningsnytt.no/en-statsrad-med-vidd-og-tyngde/159570

Først publisert: 21.11.2019
Sist oppdatert: 21.11.2019