Hopp til innhold
X
Innhald

Per Olaf Lundteigen

Per Olaf Lundteigen, gardbrukar og stortingsrepresentant for Senterpartiet frå Buskerud i fleire periodar.

Per Olaf Lundteigen er fødd 18. april 1953 i Øvre Eiker i Buskerud. Han gjekk vidaregåande skule i Hokksund i 1969–72 og er utdanna cand.agric. frå Noregs Landbrukshøgskole på Ås i 1977. Lundteigen var sekretær i Noregs Bondelag i 1977–79, prosjektleiar i Ringebu kommune i 1979–82, forskar i budsjettnemnda for jordbruket i 1982–83, gardbrukar på Gommerud gard frå 1982 og fylkesagronom ved fylkeslandsbrukskontoret i Buskerud i 1983–86. Han var generalsekretær i Senterpartiet i 1997–99 og statssekretær i Kommunal- og regionaldepartementet i 1999–2000.
Lundteigen var leiar av Buskerud Senterparti i 2000–03 og representant for Senterpartiet i Øvre Eiker kommunestyre i 2003–07. Han var stortingsrepresentant for Senterpartiet frå Buskerud i 1993–97 og vald på nytt for periodane 2005–17. Politisk er han mest oppteken av verdiane til fellesskapet og at folk skal ha trygge og godt betalte arbeidsplassar.
Saman med Anne Grimsrud gav han ut fagboka Annerledeslandet – som ikke er seg sjøl nok (1997), der dei argumenterer for å ta vare på tradisjon og kultur og samtidig ha visjonar om å ville noko betre.
Lundteigen var nestleiar i Omsetningsrådet i 1987–91 og medlem i 1992–93, medlem av Inntektsutjamningsutvalet i 1987–88, medlem i Landbrukspolitisk utval i 1987–90 og medlem av rådet for Makt- og demokratiutgreiingsutvalet i 1998–2003. Han var leiar av Norsk Bonde- og Småbrukarlag i 1986–92.
Kjelder
Per Olaf Lundteigen, «Representanter og komiteer», stortinget.no: http://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=POL [lesedato11.3.2012]
Peikarar

Først publisert: 03.07.2012
Sist oppdatert: 02.02.2015