Hopp til innhold
Tobias Drevland Lund (2018). Foto: Marius Sætersdal. Kjelde: rødt.no på flickr.com. CC BY 2.0.
Tobias Drevland Lund (2018). Foto: Marius Sætersdal. Kjelde: rødt.no på flickr.com. CC BY 2.0.
X
Innhald

Tobias Drevland Lund

Tobias Drevland Lund, student, lokalpolitikar for Raudt og leiar i Raud Ungdom, ungdomsorganisasjonen til Raudt, sidan 2018.

Tobias Drevland Lund er fødd 11. mai 1996 i Kragerø i Telemark, der han òg voks opp. Han var elev ved Kragerø videregående skole i 2012–15 (inkludert eit år på Lytham St Annes High Technology College i England) og studerte statsvitskap ved Universitetet i Oslo i 2015–17.

Han har vore leiar av Kragerø Raud Ungdom, og han var nestleiar i sentralstyret til Raud Ungdom i 2016–18. I 2018 blei han vald til leiar for perioden 2018–20 etter Linn-Elise Øhn Mehlen. Etter at han blei nestleiar i 2016, har han arbeidd med politikk på heiltid i tillegg til jobb som butikkmedarbeidar.

Drevland Lund er leiar i Kragerø Raudt og blei vald til kommunestyrerepresentant for Raudt i Kragerø i 2015–19, som den yngste nokon gong, og han er 2. vararepresentant til fylkestinget i Telemark i same perioden. Ved stortingsvalet i 2017 stod han på 1. plass på lista for Raudt frå Telemark, men fekk ikkje plass på Stortinget.

Politisk arbeider Drevland Lund for å utjamne levekårsskilnadene i Noreg. Mellom anna vil han lyfte statusen til kvinnedominerte yrke, er for leksefri skule og vil utvide retten til sjølvbestemt abort til veke 22. Som representant for Raudt står han lenger til venstre enn den jamne politikaren i Noreg og vil til dømes melde Noreg ut av NATO og heller opprette ein nordisk forsvarsallianse.

 

Kjelder

Espen Solberg Nilsen: «Nå kan Tobias bli leder av Rødts ungdomsparti», kv.no, publisert 12.1.2018: https://www.kv.no/nyheter/kragero/politikk/na-kan-tobias-bli-leder-av-rodts-ungdomsparti/s/5-63-90826 [lesedato 20.3.2019]

NRK: «Ny leder av Rød Ungdom valgt», nrk.no, publisert 18.3.2018: https://www.nrk.no/nyheter/ny-leder-av-rod-ungdom-valgt-1.13968784 [lesedato 21.3.2019]

 

Peikarar

Jon Fivelstad: «Tobias og Rødt fikk med seg Frp på leksefri skole», kv.no

Kaisa Ytterhaug: «En tredje vei i utenrikspolitikken», nytid.no

Emma Tollersrud: «Vil utvide abortgrensa», klassekampen.no

Først publisert: 28.06.2019
Sist oppdatert: 28.06.2019