Frida Melvær er lærar, tidlegare ordførar i Askvoll kommune og tidlegare stortingsrepresentant for Høgre frå Sogn og Fjordane i 2017-2021.
Frida Melvær
Faktaboks
Frida Melvær
- Fødd
- 29. september 1971, Askvoll, Vestland
Bakgrunn
Frida Melvær er fødd i Askvoll kommune i Sogn og Fjordane (no Vestland). Melvær tok vidaregåande skule i 1987–1990 og ho tok lærarutdanning i byrjinga av 1990-åra. Melvær har arbeidd som lærar i Førde og i Askvoll.
Politisk karriere
Melvær var representant for Høgre i kommunestyret i Askvoll i 2007–2017, der ho var varaordførar i 2007–2011 og var ordførar i Askvoll i 2011–2017. Ho var òg medlem av fylkestinget i Sogn og Fjordane i 2011–2015. På Stortinget var ho medlem av justiskomiteen i perioden og medlem av gruppestyret i Høgre på Stortinget i 2017–2021.
Næringspolitikk er det viktigaste politiske interessefeltet hennar, og ho er spesielt oppteken av kystnæringa og skattelette for små og mellomstore bedrifter. Skulepolitikk er òg ei viktig sak for Melvær.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.