Hopp til innhold
Iselin Nybø
Iselin Nybø
Foto: Venstre. Gjengitt etter avtale.
X
Innhald

Iselin Nybø

Iselin Nybø, advokat og statsråd for høgare utdanning og forsking for Venstre, er den første statsråden frå Rogaland Venstre sidan Lars Oftedal gjekk av som sosialminister i 1931.

Iselin Nybø er fødd 14. mai 1981 i Randaberg i Rogaland. Ho studerte juss ved Universitetet i Bergen 2000–2006. Etter studia vart ho tilsett som skattejurist i Skatteetaten, og arbeidde med internasjonal skatterett. Frå 2009 arbeidde ho som advokatfullmektig i advokatfirmaet Steensrup Stordrange, frå 2011 i Simonsen advokatfirma og frå 2013 i advokatfirmaet Simonsen Vogt Wiig AS. Ho har vore førelesar ved Handelshøyskolen BI.

 

Frå 2013 til 2017 var Iselin Nybø stortingsrepresentant for Rogaland, medlem av kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen og justispolitisk talsperson for Venstre. Ved valet i 2017 mista Venstre utjamningsmandatet i Rogaland til SV. Nybø vart utnemnd som statsråd i den andre Erna Solberg-regjeringen 17.1.2018 med ansvar for høgare utdanning og forsking.

 

1999–2003 var Nybø medlem i hovudutval for nærmiljø og kultur i Randaberg kommune. Frå 2003 var ho fast medlem i kommunestyret og medlem av hovudutval for oppvekst og levekår. I 2007 flytta ho til Stavanger, der ho vart bystyremedlem og formannskapsmedlem, heilt fram til 2015. 2007–2013 var ho nestleiar i kommunalstyret for oppvekst i Stavanger kommune. Frå 2008 til 2012 var Nybø styremedlem i det interkommunale vass-, avløps- og renovasjonsselskapet IVAR, og frå 2012 til 2015 var ho styremedlem i Norsk Vann. Nybø var styremedlem i Norsk Bibliotekforening 2014–2015.

 

Iselin Nybø leia Hordaland Unge Venstre frå 2002 til 2004, politisk nestleiar i Rogaland Venstre 2007 til 2010, leiar same staden 2010–2012, medlem av Venstres landsstyre frå 2007 til 2012, og sentralstyret frå 2012 til 2014. I 2018 vart ho oppnemnd som leiar av Venstres prinsipprogramkomité.

 

Nybø har vore profilert liberal talsperson i saker om personvern. Ho har engasjert seg mot innføring av datalagringsdirektivet, mot politirazzia i skulen og anna inngripen i personvernet til barn og vaksne. Som stortingsrepresentant var Nybø kunnskapspolitisk talsperson. Ho arbeidde med anna for gratis SFO og barnehage til barn i låginntektsfamiliar, rekrutteringsstillingar på norske høgare utdannings-institusjonar og likebehandling av dei nye universiteta med dei eldre universiteta.

 

Kjelder

Iselin Nybø, Simonsen Vogt Wiig A/S, https://svw.no/contentassets/7762b6b22b624f87968a03819a3f9b20/cv-no.pdf [lesedato 16.1.2018]

Iselin Nybø, Stortinget.no, https://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=IN [lesedato 16.1.2018]

Iselin Nybø, saker og publikasjonar, Stortinget.no, https://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=IN&tab=ProcAndPubl#secondaryfilter [lesedato 16.1.2018]

Iselin Nybø, Venstre.no, https://www.venstre.no/person/iselin-nybo/ [lesedato 16.1.2018]

 

Først publisert: 17.01.2018
Sist oppdatert: 13.08.2018