Hopp til innhold
X
Innhald

Per Arne Olsen

Per Arne Olsen, seniorrådgivar, ordførar i Tønsberg, mangeårig nestleiar i Framstegspartiet og stortingsrepresentant for Framstegspartiet for Vestfold. I 2016 blei han konstituert som mellombels fylkesmann i Vestfold.

Per Arne Olsen er fødd 21. februar 1961 i Tønsberg i Vestfold. Han gjekk på Tønsberg Handelsgymnas i 1977–80. Seinare har han teke kurs ved Forsvarets høgskole. Olsen arbeidde som bankfunksjonær i Nøtterø Sparebank i 1980–81, var salssekretær i Lindfo AS i 1981–86, før han var generalsekretær i Framstegspartiets Ungdom i 1986–89.

Mellom 1989 og 1997 var han kontorsjef ved hovudkontoret til FrP og fungerande generalsekretær i 1992–93. Han var sekretariatsleiar i stortingsgruppa til partiet i 1997–2003, ordførar i Tønsberg i 2003–09 og stortingsrepresentant i 2009–13. Frå 2013 til 2016 var han seniorrådgivar i Gambit Hill+Knowlton, og i 2016 blei han utnemnd til mellombels fylkesmann i Vestfold.

Olsen var medlem av Tønsberg kommunestyre for FrP mellom 1983 og 2009, først som bystyrerepresentant, deretter i formannskapet (1987–2003) og dei siste seks åra som ordførar. Han var medlem i sentralstyret i FrP i 2004–05 og nestleiar i 2005–13. Olsen var vararepresentant til Stortinget i 2001–09, hadde fast plass for Framstegspartiet for Vestfold i perioden 2009–13, då han hadde plass i helse- og omsorgskomiteen. Han har fått kritikk for handteringa av Ungbo-saka i Tønsberg, men var ein populær ordførar i heimkommunen.

Olsen har hatt fleire administrative verv og tillitsverv, mellom anna som medlem av styret for Folketrygdfondet i 1992–2009, varamedlem i Kringkastingsrådet i 1998–2009, medlem av styret for KS (Kommunenes Sentralforbund) i 2008–09 og medlem av styret i Vinmonopolet frå 2016.

Kjelder

Per Arne Olsen, «Representanter og komiteer», stortinget.no: https://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=PO [lesedato 25.10.2016]

«Per Arne Olsen blir ny fylkesmann», fylkesmannen.no: https://www.fylkesmannen.no/Vestfold/Nyheter/Olsen-blir-ny-fylkesmann/ [lesedato 25.10.2016]

Peikarar

Jon Cato Landsverk: «Per Arne Olsen til PR-bransjen», tb.no

Heidi Schei Lilleås: «Frp-politiker blir fylkesmann», nettavisen.no

NTB: «Per Arne Olsen gir seg som Frp-nestleder, vil skrive bok», dagbladet.no

Først publisert: 10.03.2017
Sist oppdatert: 10.03.2017