Abid Raja
Abid Raja
Abid Raja, jurist, stortingsrepresentant for Venstre frå Akershus og ein ivrig samfunnsdebattant. Frå 2020 er han Venstre-nestleiar og kultur- og likestillingminister.
Anders Reitan
Anders Reitan
Anders Jørgensen Reitan var lærar, folkeopplysar, diktar og stortingsmann. Han var mykje inspirert av Grundtvig, og sjølv inspirerte han mange norske skulefolk.
Anna Rogstad
Anna Rogstad
Anna G. Rogstad var lærarinne og politikar, engasjert i utdanning og stemmerett for kvinner. Ho var den første norske kvinna på Stortinget – i 1911.
Arnold Ræstad
Bent Røiseland
Bent Røiseland
Bent Røiseland, mangeårig Venstre-leiar, ein av dei mest markante politikarane i tiåra etter andre verdskrigen og den første politikaren som meistra fjernsynsmediet.
Bjarne Rabben
Bjarne Rabben, historikar, lyrikar, fråhaldstalar og politikar. Fiske og fabrikkarbeid blei inngangen til yrkeslivet, ordet levevegen og historie profilen hans.
Edvard Ruud
Edvard Jentoft Ruud, gardbrukar, folkeminnesamlar, songar og forfattar frå Elgsnes ved Harstad i Troms. Ruud var mest kjend som formidlar av nordnorsk tradisjonsstoff, og då særleg song.
Freddy de Ruiter
Freddy de Ruiter
Freddy de Ruiter, adjunkt og stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Aust-Agder sidan 2005.
Hans Riddervold
Hans Riddervold
Heidi Grande Røys
Heidi Grande Røys, politikar frå Sunnfjord som har representert SV på både lokal- og riksnivå.
Helge Rykkja
Helge Rykkja, lærar, lyrikar og lokalpolitikar for Raudt. Litterært og politisk var han ein sentral medlem av Profil-opprøret, tidleg surrealistimportør og utøvar, og eit av dikta hans blei lese opp som åtvaring mot modernistisk dikting i Stortinget i 1968.
Inge Ryan
Inge Ryan
Inge Ryan, adjunkt, rektor, ordførar, tidlegare nestleiar i Sosialistisk Venstreparti og stortingspolitikar frå Nord-Trøndelag for Sosialistisk Venstreparti. Han blei utnemnd til fylkesmann i Nord-Trøndelag i 2009.
Jorunn Ringstad
Jorunn Ringstad
Jorunn Ringstad, politikar frå Sunnfjord som har representert Senterpartiet både på lokal- og riksnivå. Samferdselspolitikk har vore ei viktig sak for Ringstad.
Jørund Rytman
Jørund Rytman
Jørund Henning Rytman, sjølvstendig næringsdrivande og stortingsrepresentant for Framstegspartiet frå Buskerud sidan 2005.
Kjell Ingolf Ropstad
Kjell Ingolf Ropstad
Kjell Ingolf Ropstad, barne- og familieminister og leiar av Kristeleg Folkeparti sidan 2019. Stortingsrepresentant for KrF for Aust-Agder sidan 2009, leiar av KrFU i 2007–10 og møtte som den yngste KrF-representanten nokon gong på Stortinget som 20-åring.
Kristian Tonning Riise
Kristian Tonning Riise
Kristian Tonning Riise, politikar og leiar i Unge Høgre 2014–18. Unge Høgre er den politiske ungdomsorganisasjonen til partiet Høgre.
Laila Marie Reiertsen
Laila Marie Reiertsen
Laila Marie Reiertsen, sjukepleiar, lokalpolitikar og stortingsrepresentant for Framstegspartiet frå Hordaland i 2009–13 og er første vararepresentant i perioden 2013–17.
Magne Rommetveit (1956–)
Magne Rommetveit (1956–)
Magne Rommetveit, sosialarbeidar og stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Hordaland sidan 2009. Før den tid var han ordførar i Stord kommune i mange år.
Marit Berger Røsland
Marit Berger Røsland
Marit Berger Røsland, jurist og politikar for Høgre, var den fjerde og hittil siste EU- og EØS-ministeren i Noreg.
Oddrun Remvik
Oddrun Remvik, sosionom som har markert seg i fleire sentrale leiarstillingar. Gjennom ti år var ho leiar av Fellesorganisasjonen for barnevernspedagogar, sosionomar og vernepleiarar. Remvik er særleg engasjert i sosiale emne og kvinnesak.
Ole Jørgensen Richter
Ole Jørgensen Richter
Rolf Reikvam
Rolf Reikvam, tidlegare sentral politikar i SV som var særleg oppteken av utdanningspolitiske spørsmål.
Sveinung Rotevatn
Sveinung Rotevatn
Sveinung Rotevatn, klima- og miljøminister. Rotevatn var stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane Venstre 2013–17 og er tidlegare leiar i Unge Venstre.