Hopp til innhold
Foto: Stortinget
Foto: Stortinget
X
Innhald

Jørund Rytman

Jørund Henning Rytman, sjølvstendig næringsdrivande og stortingsrepresentant for Framstegspartiet frå Buskerud sidan 2005.

Jørund Rytman er fødd 4. mai 1977 i Oslo og voks opp i Sandefjord i Vestfold. Han gjekk Tyrifjord videregående skole i 1994–97, tok marknadsføring og leiing ved Norsk kunnskapsinstitutt i 1998–99 og marknadskommunikasjon ved Bedriftsøkonomisk Institutt i 2000–03.
Rytman var organisasjons- og reisesekretær i FpU i 1998–99, prosjektmeklar i Auxilio Megling ANS i 1999–2000, arbeidde deltid som salskonsulent i Media Direct Norge AS i 2000, var sekretær i Buskerud FrP i 2000–01, var salskonsulent i Drammens Tidende i 2000–01, arbeidde deltid som vektar i Falck Norge i 2001–03 og var dagleg leiar Livsstilsservice i 2002–03.
Han var leiar av Hole FpU i 1996–98, leiar i Buskerud FpU i 1997–98 og nestleiar i 1999–2000, leiar av Drammen FpU i 1999–2000, varamedlem i sentralstyret i FpU i 1998–2000, medlem av dette styret i 2000–02 og 2. nestleiar i 2001–04. Rytman var varamedlem i Drammen bystyre i 2003–07 og medlem i 2007–11, medlem av styret i Buskerud FrP i 2000–01, nestleiar i 2001–02 og leiar i 2002–06, medlem av FrPs landsstyre i 2002–06 og medlem av fylkesutvalet i Buskerud i 2003–07. Sidan 2005 har han vore stortingsrepresentant for Framstegspartiet frå Buskerud, og dei viktigaste politiske sakene hans er forenkling av skattesystemet i Noreg og meir pengar til eldreomsorg, politi og vegar.
Rytman var meddommar i Borgarting lagmannsrett i 1999–2003, leiar av Drammen Natur og Ungdom i 2000–01, nestleiar i Drammen SOS Rasisme i 2001–02, leiar av styret for Livsstilsservice i 2001–06 og medlem av styret for Innovasjon Invest i 2004–05. Han var medlem av hovudvalet for utdanning og fylkesrådet for funksjonshemma i Buskerud og kontrollutvalet i Drammen i 2003–05, medlem av samarbeidsrådet for Ringeriksregionen og BTV Regionalråd i 2003–07, leiar av stiftinga Aktiv Ungdom frå 2003, Gründerforeningen frå 2005 og leiar av Israels venner på Stortinget 2011–13, nestleiar 2013–15 og planlagt leiar igjen frå 2015 og ut stortingsperioden.
Kjelder
Jørund Rytman, «Representanter og komiteer», stortinget.no: http://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=JHR [lesedato 10.3.2012]
Peikarar

Først publisert: 02.12.2013
Sist oppdatert: 03.01.2014