Hopp til innhold
X
Innhald

Oddrun Remvik

Oddrun Remvik, sosionom som har markert seg i fleire sentrale leiarstillingar. Gjennom ti år var ho leiar av Fellesorganisasjonen for barnevernspedagogar, sosionomar og vernepleiarar. Remvik er særleg engasjert i sosiale emne og kvinnesak.

Oddrun Remvik er fødd 25. oktober 1951 i Ålesund. Ho er utdanna sosionom ved Diakonhjemmets sosialhøgskole (1972–1975) og frå Noregs kommunal- og sosialhøgskole (1982).
Remvik arbeidde ved ei rekkje sjukehus og sosialkontor før ho i 1986 vart forbundssekretær for Norsk Sosionomforbund. Denne stillinga hadde ho heilt til ho i 1989 vart nestleiar i forbundet. Deretter var ho gjennom ti år (1992–2002) forbundsleiar i Fellesorganisasjonen for barnevernspedagogar, sosionomar og vernepleiarar, som fekk dobla medlemstalet sitt i denne perioden.
Åra 2003–2007 arbeidde Remvik som generalsekretær for Norsk Oversetterforening. Sidan 2007 har ho vore tilsett som avdelingsdirektør for Helse & Sosial i Kirkens Bymisjon Oslo, med øvste faglege ansvar for institusjonar og verksemder innanfor russektoren, psykiatri og barnevern.
Parallelt har Remvik hatt politiske og kyrkjelege verv. Frå 2005 til 2007 var ho medlem i landsstyret og kvinnepolitisk leiar i SV. Frå 2010 er ho medlem av Oslo bispedømmeråd.
Kjelder
Oddrun Remvik

Først publisert: 17.03.2010
Sist oppdatert: 12.04.2012