Hopp til innhold
X
Innhald

Rolf Reikvam

Rolf Reikvam, tidlegare sentral politikar i SV som var særleg oppteken av utdanningspolitiske spørsmål.

Reikvam vart fødd i Førde 12. mars 1948, men har dei seinare åra budd i Sørum. Han har utdanning i sosialøkonomi, offentleg rett og fagleg pedagogikk. Som yrkesaktiv har han vore lærar ved Jessheim vidaregåande skule, lønssekretær i Norsk Lektorlag/Norsk Undervisningsforbund og spesialrådgivar i Finansforbundet.
 
Reikvam var medlem av fylkestinget i Akershus 1987–97 og stortingsrepresentant frå Akershus for SV 1997–2009. I åra 1997–2006 var han medlem av kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen, i åra 2001–05 som komitéleiar. Han var medlem av kommunal- og forvaltingskomiteen 2006–2009. Reikvam var med i Stortinget sitt presidentskap 2005–2009 som sekretær i Lagtinget. Han har hatt ei rekkje verv knytte til utdanningspolitikk, mellom anna som nestleiar og leiar i fylkesskulestyret i Akershus.
 
Som politikar i opposisjon kritiserte Reikvam ofte regjeringa i skulepolitiske spørsmål. Han tok til dømes sterk avstand frå innføringa av friskulelova i 2003 og argumenterte for å satse meir på den offentlege skulen. I kommunal- og forvaltningskomiteen arbeidde han mellom anna for styrkt kommuneøkonomi og for ei meir jamn fordeling av dei kommunale skatteinntektene.
 
Peikarar

Først publisert: 16.06.2009
Sist oppdatert: 03.05.2013