Hopp til innhold
Foto: Stortinget
Foto: Stortinget
X
Innhald

Åge Starheim

Åge Starheim, avdelingsleiar, tidlegare ordførar i Selje kommune for Høgre og stortingsrepresentant for Framstegspartiet frå Sogn og Fjordane 2005—13.

Åge Starheim er fødd 23. mai 1946 i Eid i Sogn og Fjordane. Han har handelskuleutdanning frå Nordfjordeid frå byrjinga av 1960-åra, og han var bokhaldar og deretter kontorsjef hos Selje Skjortefabrikk AS i 1967–86 og ordførar i Selje kommune for Høgre i 1983–89. Så var han prosjektkoordinator hos Selantic Industrier AS i 1990–98 og avdelingsleiar hos SpaNo Rekneskap AS på Nordfjordeid i 1998–2005. Frå 2005 til 2013 var han vald som stortingsrepresentant for Framstegspartiet frå Sogn og Fjordane.
Starheim var medlem av Selje kommunestyre for Høgre og seinare Framstegspartiet i 1976–2005 og var ordførar for Høgre i kommunen i 1983–89. Han skifta parti i 1997 og var leiar av Selje Framstegsparti i 1998–2005, leiar av Sogn og Fjordane Framstegsparti i 2002–10 og medlem av fylkestinget i 2003–07. Starheim melde seg ut av Framstegspartiet i 2015 etter intern strid i fylkespartiet. 
I 2005 blei han den første stortingsrepresentanten for Framstegspartiet frå Sogn og Fjordane nokon gong. Han var medlem av kommunal- og forvaltningskomiteen og er særleg oppteken av omorganisering av helsevesenet og av samferdsel, mellom anna vil han ha meir midlar til vegbygging i Sogn og Fjordane og bygging av Stad skipstunnel.
Starheim var leiar av styret for Stad skipstunnel AS i 1984–91 og medlem i 1991–2005. Han blei referert på nynorsk i Stortinget.
Kjelder
Åge Starheim, «Representanter og komiteer», stortinget.no: http://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=AGES [lesedato 6.12.2012]
Omtale av Åge Starheim i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane: http://www.nrk.no/sf/leksikon/index.php/%C3%85ge_Starheim [lesedato 6.12.2012]
Peikarar

«Åge Starheim tek ikkje attval»

Først publisert: 05.06.2013
Sist oppdatert: 01.08.2018