Hopp til innhold
X
Innhald

Andrea Sjøvoll

Andrea Sjøvoll, politisk rådgivar og tidlegare leiar i Sosialistisk Ungdom (SU) frå 2016 til 2018. Sosialistisk Ungdom er ungdomsorganisasjonen til partiet Sosialistisk Venstreparti.

Andrea Sjøvoll er fødd 13. april 1992, voks opp i Bodø og er busett i Oslo. Ho tok vidaregåande skule i 2008–11 i Bodø og har studert sosiologi ved Universitetet i Oslo. Sjøvoll arbeidde som leiar i Redd Barna sin ungdomsorganisasjon, Press, i 2012–15.

Sjøvoll var feministisk leiar i sentralstyret til Sosialistisk Ungdom frå 2015 til 2016, og ho blei vald til leiar av ungdomsorganisasjonen i 2016, etter Nicholas Wilkinson. Ho hadde leiarvervet fram til 2018.

Politisk var Sjøvoll oppteken av å minske utsleppa av klimagassar og redusere oljeboringa. Ho ville arbeide for likestilling, for å fjerne fråværsgrensa i vidaregåande skule og kjempe for rettane til asylbarn og flyktningar.

Sjøvoll har vore aktiv i Press sidan 2004, både i lokallaget i Bodø og i landsstyret, og var leiar av organisasjonen frå 2012 til 2015. Press deler ut Årets gullbarbie, og Sjøvoll har vore aktiv i å opprette denne prisen. Det er ein pris for å setje søkjelyset på kroppspress. Ho var med i hovudkomiteen til Operasjon Dagsverk i 2010–11.

Sjøvoll har sidan 2018 vore politisk rådgivar i UngOrg, ein paraplyorganisasjon for barne- og ungdomsorganisasjonar i Oslo.

Kjelder

Svein Olav B. Langåker: «– Det har aldri vore meir behov for SU enn akkurat no», framtida.no: http://framtida.no/articles/det-har-aldri-vore-meir-behov-for-su-enn-akkurat-no#.WK9mujs1_IU [lesedato 23.2.2017]

Intervju med Andrea Sjøvoll i magasinet Larm, press.no: http://press.no/file/larm0214-til-nett.pdf [lesedato 23.2.2017]

Peikarar

Tora Hope: «Dei viktigaste menneska», framtida.no

«Andrea Sjøvoll valgt som ny SU-leder», su.no

Først publisert: 30.06.2017
Sist oppdatert: 11.01.2019