Hopp til innhold
Foto: Stortinget
Foto: Stortinget
X
Innhald

Anita Apelthun Sæle

Anita Apelthun Sæle, politikar frå Hordaland, tidlegare stortingsrepresentant for Kristeleg Folkeparti. Ho har særleg markert seg med verdikonservative standpunkt.

Anita Apelthun Sæle er fødd 13. desember 1951 i Fjell i Hordaland. Ho har fagbrev i kontorfag, tok kristendom grunnfag ved Universitetet i Oslo i 1975 og fekk graden bachelor of management ved Handelshøyskolen BI i 2007. Apelthun Sæle var tilsett i Bergens Privatbank frå 1969 til 1975.
Ho har elles vore husmor, politikar og tillitsvald i fleire organisasjonar. I 1979 vart ho vald inn på fylkestinget for Kristeleg Folkeparti i Hordaland. Der sat ho fram til 1993, då ho kom inn på Stortinget. Sæle var stortingsrepresentant fram til 2005. I den første perioden var ho medlem av justiskomiteen, seinare sat ho i kommunalkomiteen og i næringskomiteen. Frå 2006 til 2008 var ho leiar av Kristeleg Folkepartis kvinner og dermed fast medlem av sentralstyret i partiet.
Apelthun Sæle har markert seg med konservative standpunkt, til dømes med tydeleg motstand mot abort, åtvaringar mot homofili og sterkt forsvar for Israel. Ho har mellom anna skrive bøkene Ny kvinnekamp i Norge, Norge, vend i tide og Heimen og undervisningen, Statens barn?
Den tidlegare KrF-politikaren har òg engasjert seg i Bergen Blå Kors, der ho var styremedlem frå 1988 til 1990, og i Hordaland Nei til EU, der ho var i nestleiar frå 2005 til 2007.
Kjelder
Biografi om Anita Apelthun Sæle, «Representanter og komiteer», stortinget.no: http://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=AAS [lesedato 28.6.2013]
Sigbjørn Strand: «Mot homser, abort og alkohol», dagbladet.no, publisert 15.11.2004: http://www.dagbladet.no/magasinet/2004/11/15/414633.html [lesedato 28.6.2013]

Først publisert: 31.03.2014
Sist oppdatert: 31.03.2014