Hopp til innhold
Foto: Regjeringen, Torgeir Haugaard/ Forsvarets mediesenter
Foto: Regjeringen, Torgeir Haugaard/ Forsvarets mediesenter
X
Innhald

Anne-Grete Strøm-Erichsen

Anne-Grete Strøm-Erichsen, ingeniør og politikar. I Stoltenberg si andre regjering var ho både forsvarsminister og helse- og omsorgsminister.

Anne-Grete Strøm-Erichsen er fødd 21. oktober 1949 i Bergen. Ho tok examen artium, reallinja, ved Langhaugen gymnas i 1968. I 1974 blei ho uteksaminert som EDB-ingeniør frå Bergen ingeniørhøgskole, og ho studerte ved South Dakota School of Mines & Technology i 1980–81.
Strøm-Erichsen var operatør ved EDB-avdelinga ved Universitetet i Bergen i 1974–77, programmerar ved Nordisk institutt same staden i 1977–84, systemkonsulent og systemsjef ved GPI AS i 1984–87, dagleg leiar i Talesystemer AS i 1987–88, seniorkonsulent i Siemens Nixdorf i 1988–91 og i BDC AS i 1991–95. Frå 1995 har ho vore heiltidspolitikar. Ho var kommunalråd i Bergen i 1995–98 og 2003–05, varaordførar i Bergen i 1998–99, ordførar i 1999–2000, byrådsleiar i 2000–03 og stortingsrepresentant frå 2005. I perioden 2005–13 var ho statsråd for Arbeidarpartiet i koalisjonsregjeringa av Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet.
Strøm- Erichsen er ikkje innvald på Stortinget i perioden 2013-2017. Den raudgrøne regjeringa tapte valet 9. september 2013 og Anne-Grete Strøm-Erichsen går dermed av som forsvarsminister i oktober 2013.
Frå 1991 var Strøm-Erichsen medlem av bystyret i Bergen, og frå 1995 kommunalråd for skule, inntil ho tok over som varaordførar i 1998. Etter valet i 1999 blei ho den første kvinnelege ordføraren i Bergen, og då Bergen innførte byparlamentarisme i 2000, blei ho den første byrådsleiaren. I hennar tid som byrådsleiar blei Bybanen i Bergen vedteken, tenkt som ryggrada i kollektivsystemet i byen. Ho var leiar for Arbeidarpartiet i Hordaland i 1998–2000 og var medlem av sentralstyret i partiet i 2002–07. Frå 2005 til 2013 var ho vald inn på Stortinget for Arbeidarpartiet i Hordaland, men var heile perioden vore statsråd. Ho var forsvarsminister i 2005–09, helse- og omsorgsminister i 2009–12 og forsvarsminister att 2012–13.
Som politikar er Anne-Grete Strøm-Erichsen oppteken av sosial rettferd og sterk offentleg satsing på skule og helse. Som forsvarsminister har den norske innsatsen i Afghanistan stadig vore eit utfordrande tema. I stillinga som helseminister la ho vekt på arbeidet med kvalitet i helsetenestene, pasienttryggleik og bruk av IKT i helsevesenet.
Strøm-Erichsen har vore leiar av styret for Bergen Lysverker i 1995–97, Kulturby Bergen i 1998–2000 og Vest-Norges Brussel-kontor i 2002–04. Ho var leiar for den offentlege utgreiinga Energi- og kraftbalansen mot 2020 i 1997–98 og har vore medlem i styret for Kommunenes Sentralforbund i 2004–05. I 1999–2001 var ho president i Organization of World Heritage Cities, og ho var medlem i Europarådet i 2004–05.
Kjelder
Knut Olav Åmås (red.): Hvem er hvem? Oslo 2006
Stortinget i navn og tall 2005–2009. Oslo 2006
«Forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen», regjeringen.no: http://www.regjeringen.no/nb/dep/fd/dep/forsvarsminister-anne-grete-strom-erichs.html?id=699631 [lesedato 29.9.2012]
Strøm-Erichsen, Anne-Grete, «Representanter og komiteer», stortinget.no: http://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=ANS [lesedato 29.9.2012]
Trine Eilertsen: «Anne-Grete Strøm-Erichsen», Norsk biografisk leksikon. Henta frå http://snl.no/.nbl_biografi/Anne_Grete_Str%C3%B8m-Erichsen/utdypning [lesedato 29.9.2012]
Peikarar
«Anne-Grete Strøm-Erichsen ny forsvarsminister»

Først publisert: 19.04.2013
Sist oppdatert: 16.10.2013