Hopp til innhold
Ukjend fotograf. Kjelde: Oslo Museum CC BY SA 4.0.
Ukjend fotograf. Kjelde: Oslo Museum CC BY SA 4.0.
X
Innhald

Arne Sunde

Arne Sunde, 1883–1972, var jurist og politikar for Venstre. Han var statsråd i fleire regjeringar.

Arne Sunde, 1883–1972, var jurist og politikar for Venstre. Sunde verka som høgsterettsadvokat frå 1922. I 1929–31 var han ordførar i Aker. Han var dessutan justisminister i regjeringa Mowinckel II i 1930–31 og i den tredje regjeringa mellom 1933 og 1935, høgsterettsdommar i 1935–36 og konsultativ statsråd i regjeringa Nygaardsvold i London i 1940. Mellom 1940 og 1945 var han forsynings- og skipsfartsminister. Sunde var også FN-ambassadør i 1949–52 og formann i Tryggingsrådet då Koreakrigen braut ut i 1950.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.04.2016
Sist oppdatert: 07.04.2016