Hopp til innhold
X
Innhald

Atle Simonsen

Atle Simonsen, student, politisk rådgivar og tidlegare leiar i Framstegspartiets Ungdom, ungdomsorganisasjonen til Framstegspartiet.

Atle Simonsen er fødd 4. november 1988 i Sola kommune i Rogaland. Han tok vidaregåande skule i 2004–07, var utvekslingselev ved Red Bluff Union High School i USA i 2005–06 og har studert økonomi og administrasjon ved Universitetet i Stavanger. Han har arbeidd som politisk rådgivar for bystyregruppa til Framstegspartiet i Stavanger. Frå 2016 arbeidde han som politisk rådgiver i Helse- og omsorgsdepartementet, frå 2017 arbeider han som politisk rådgivar i Barne- og likestillingsdepartementet.

(Artikkelen held fram under biletet)

Foto av Atle Simonsen. Foto: Pressefoto fpu.no

Foto: Pressefoto fpu.no

13 år gamal blei han medlem av Framstegspartiets Ungdom (FpU), og han var leiar av Stavanger FpU i 2004–05 og leiar av Rogaland FpU i 2006–10. Simonsen var vararepresentant til sentralstyret i FpU i 2008–12, medlem i sentralstyret i 2012–14 og leiar av ungdomsorganisasjonen 2014–16. Frå 2007 har han vore kommunestyrerepresentant for Framstegspartiet i Stavanger, i perioden 2011–15 medlem av formannskapet og i perioden 2015–19 som vara.

Simonsen vil arbeide for lågare skattar og avgifter, færre forbod og påbod og frikortgrense på 100 000 kroner. Han ønskjer strengare straffer for kriminelle, vil arbeide for å endre eldreomsorga og vil at elevar i skulen skal få bestemme meir over kvardagen sin, mellom anna gjennom anonym retting. Som FpU-leiar var han motstandar av norsk medlemskap i EU. I prosessen fram mot avgjersla om det skulle arrangerast OL i Oslo i 2022 var han ein stor motstandar.

Kjelder

Stein Halvor Jupskås: «Atle Simonsen seiler opp i FpU», aftenbladet.no, publisert 9.3.2014: http://www.aftenbladet.no/nyheter/lokalt/stavanger/Atle-Simonsen-seiler-opp-i-Fpu-3372851.html#.U2_WSoF_vTA [lesedato 11.5.14]

Peikarar

Bjørn Grimen: «Stavanger-mann er ny leder i Fremskrittspartiets Ungdom», nrk.no, publisert 30.3.2014

Atle Simonsen (gjesteskribent): «FpU-leder Atle Simonsen – om EU», kommunal-rapport.no, publisert 12.4.2014


Først publisert: 23.10.2014
Sist oppdatert: 30.06.2017