Hopp til innhold
Foto:Berit Roald/Scanpix
Foto:Berit Roald/Scanpix
X
Innhald

Bård Vegar Solhjell

Bård Vegar Solhjell, generalsekretær i WWF Verdas naturfond. Solhjell var tidlegare kunnskapsminister, miljøvernminister, stortingsrepresentant og nestleiar for SV.

Solhjell er fødd 22. desember 1971 i Kristiansand, men voks opp i Naustdal. Han har utdanning som statsvitar frå Universitetet i Bergen og Universitetet i Oslo med fagkrinsen sosiologi, samanliknande politikk, idéhistorie og statsvitskap. Solhjell kom tidleg med i politisk arbeid gjennom Sosialistisk Ungdom. I 1994 vart han politisk rådgivar for SV, og i åra 2001–05 var han partisekretær. I 2007 vart han vald til nestleiar i partiet etter ei kampvotering mellom den radikale og moderate fløya i partiet. Han gjekk av som nestleiar i 2015. Han har også hatt ei rekkje andre verv i SV. Solhjell hadde fast plass på Stortinget 2009–17 som SV-representant for Akershus, og var parlamentarisk leiar 2009–12. Han sa i 2017 frå seg attval på Stortinget.  Frå 2018 er han generalsekretær i WWF, Verdas Naturfond, i Noreg.
 
Då den andre Stoltenbergregjeringa overtok i 2005, vart Solhjell først statssekretær ved Statsministerens kontor, men hausten 2007 overtok han som statsråd i Kunnskapsdepartementet etter partifellen Øystein Djupedal. Som minister fekk Solhjell store utfordringar i fanget, ikkje minst takka vere debatten om norske skuleelevar sine dårlege resultat i internasjonale testar. Som eit svar på dette innførte regjeringa i 2008 mellom anna nye kompetansekrav til lærarar, auka timetal i grunnskulen, tiltak for å styrkje lesekompetansen og lovfesta rett til frukt og grønt. Solhjell gjekk av som kunnskapsminister 20. oktober 2009. I perioden 2012–2013 var Solhjell miljøvernminister. Han tok over posten som miljøvernminister etter partikollegaen Erik Solheim.
 
Solhjell legg elles vekt på at skulen skal oppfylle eit meir klassisk sosialistisk ideal: som ein stad der alle skal ha like sjansar. Slik kan skulen vere med på å utjamne forskjellane i samfunnet, hevdar han.
 
Solhjell vart referert på nynorsk i Stortinget.
 
Kjelder
Miljøverndepartementet: «Bård Vegar Solhjell ny miljøvernminister», publisert 23.3.2013:
http://www.regjeringen.no/nb/dep/md/aktuelt/nyheter/2012/bard-vegar-solhjell-ny-miljovernminister.html?id=676284 [lesedato 26.3.2013]

Først publisert: 20.10.2009
Sist oppdatert: 01.08.2018