Hopp til innhold
X
Innhald

Bjørn-Kristian Svendsrud

Bjørn-Kristian Svendsrud, jurist, politikar og leiar i Framstegspartiets Ungdom (FpU), ungdomsorganisasjonen til Framstegspartiet, sidan 2016.

Bjørn-Kristian Svendsrud er fødd 10. september 1992 og voks opp i Horten i Vestfold. Han var elev ved Horten videregående skole i 2008–11, og i 2016 tok han mastergraden i rettsvitskap ved Universitetet i Oslo.

Han har hatt fleire deltidsjobbar i løpet av studietida, og han var mellom anna trainee i stortingsgruppa til Framstegspartiet sommaren 2014. Frå 2016 er han leiar i FpU.

Svendsrud melde seg inn i FpU som 15‑åring. Han var politisk nestleiar i Vestfold FpU i 2012–14 og nestleiar i FpU i 2014–16, før han blei vald til leiar av ungdomsorganisasjonen i 2016, etter Atle Simonsen. I 2013 blei han vald inn i kommunestyret i Horten for Framstegspartiet, og han sit òg som representant i fylkestinget i Vestfold for perioden 2015–19, der han er leiar for hovudutvalet for utdanning.

Dei viktigaste politiske sakene for Svendsrud er helse, eldreomsorg, jernbane og skule. Som ungdomspolitikar har han nye idear, og han vil at FpU skal vere ein tydeleg premissleverandør for politikken til Framstegspartiet. Han var ein av pådrivarane for at FpU i 2014 og seinare FrP (2017) tok standpunkt mot EU for første gong. Margaret Thatcher, tidlegare statsminister i Storbritannia, er det politiske førebiletet hans.

Kjelder

Bjørn-Kristian Svendsrud sin profil på linkedin.com: https://www.linkedin.com/in/bj%C3%B8rn-kristian-svendsrud-10771770 [lesedato 22.2.2017]

John Trygve Tollefsen: «En god nummer to», intervju med Svendsrud på gaysir.no: https://www.gaysir.no/artikkel.cshtml?cid=17043 [lesedato 22.2.2017]

Peikarar

Jørgen Berge: «Nå er homokampen vunnet i FrP, nettavisen.no 

Framstegspartiet: «Bjørn-Kristian Svendsrud skal lede FpU», frp.no 

Nasjida Noorestany: «Tett på: Bjørn-Kristian Svendsrud», elevvalg.no 

NTB: «Bjørn-Kristian Svendsrud trolig ny formann i FpU», abcnyheter.no 

Vestfold fylkeskommune: «Bjørn-Kristian Svendsrud (FrP)», vfk.no 

Bloggen til Bjørn-Kristian Svendsrud, bjorsve.blogg.no

Først publisert: 30.06.2017
Sist oppdatert: 30.06.2017