Hopp til innhold
X
Innhald

Brit Skjelbred

Brit Skjelbred, sivilarkitekt, politikar, statssekretær og tidlegare assisterande fylkesmann. Ho blei utnemnd til mellombels fylkesmann i Sør-Trøndelag i 2015.

Brit Skjelbred er fødd 29. juni 1949 i Trondheim. Ho var elev ved Strinda videregående skole i 1965–68 og er utdanna sivilarkitekt frå NTNU (tidlegare NTH) frå byrjinga av 1970-åra. Ho har tilleggsutdanning i leiing og organisasjonsutvikling, og dessutan krisehandtering, frå Forsvarets høgskole.

Skjelbred arbeidde først i Rennebu kommune og deretter som arkitekt i Sør-Trøndelag fylkeskommune mellom 1975 og 1995. Sidan 1995 har ho vore tilsett hos Fylkesmannen i Sør-Trøndelag, som plankoordinator, samordningsdirektør og direktør for kommunal- og beredskapsavdelinga. Ho var politisk rådgivar i Landbruksdepartementet i 1997–98 og statssekretær for Einar Steensnæs (KrF) i Olje- og energidepartementet i 2001–04. og frå 2011 til 2015 var ho assisterande fylkesmann i Sør-Trøndelag.

I 2015 blei Skjelbred konstituert som mellombels fylkesmann i Sør-Trøndelag. Når Nord- og Sør-Trøndelag blir slått saman i 2018, blir det éin fylkesmann for Trøndelag, med hovudsete i Steinkjer.

Brit Skjelbred har politisk erfaring frå Kristeleg Folkeparti, mellom anna i fylkesstyret til Sør-Trøndelag KrF, og ho har vore leiar for Kommunalpolitisk utval i partiet, i tillegg til å vere statssekretær.

Ho har hatt ei rekkje tillitsverv, mellom anna som medlem av landsstyret i Blå Kors i fleire år fram til 2016 og verv i Kyrkjas Bymisjon.

Kjelder

Brit Skjelbred, regjeringen.no: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/ny-mellombels-fylkesmann/id2474234/ [lesedato 3.10.2016]

«Brit Skjelbred ny fylkesmann i Sør-Trøndelag», fylkesmannen.no: https://www.fylkesmannen.no/Arkiv---Nyheter/Brit-Skjelbred-ny-fylkesmann-i-Sor-Trondelag/ [lesedato 19.10.2016]

Peikarar

Erlend Keilen: «Brit Skjelbred statssekretær i Olje- og energidepartementet», offshore.no

John M. Myrhaug: «Hun ble fylkesmann», avisa-st.no

Randi Wilsgård: «Det blir én fylkesmann i Trøndelag, nrk.no

Først publisert: 28.02.2017
Sist oppdatert: 08.05.2017