Hopp til innhold
Foto: Statsministerens kontor
Foto: Statsministerens kontor
X
Innhald

Emil Stang

Emil Stang, høgsterettsadvokat, redaktør og politikar. Han var første leiaren i Høgre, og to gongar statsminister.

Emil Stang var fødd 14. juni 1834 i Kristiania og døydde 4. juli 1912. Han var son av Fredrik Stang, som var statsminister 1873–1880.
 
Den unge Emil Stang hadde ikkje noko brennande ønskje om å bli politikar. Han heldt seg då også borte frå all politikk den tida faren var statsminister. I staden etablerte han ei stor advokatforretning i hovudstaden, han vart høgsterettsadvokat i 1862 og han var medredaktør i «Ugeblad for Lovkyndighed». Frå 1871 og til 1909 var han eineredaktør i avleggjaren av dette bladet, «Norsk Retstidende», bortsett frå dei åra han var statsminister.
Framfor valet i 1882, det første etter at faren hadde trekt seg, vart han sterkt oppmoda om å stille til val, og sa ja til det. Bortsett frå dei periodane han var statsminister, sat han samanhengande på Stortinget fram til 1894. Ved valet i 1894 var Stang statsminister og kunne etter grunnlova slik ho var då, ikkje stille til val. Då han gjekk av som statsminister i 1895 hadde han ikkje plass i Stortinget, og vart difor utnemnd som lagmann i Borgarting og Agder. Fram til 1898 sto han utanfor det offentlege liv, men ved valet i 1898 vart han på nytt vald inn på Stortinget frå Fredrikshald.

Sjå video frå NRK Skole: "Det moderne Høyre tar form ":
 
 
Prinsregenten
Dei to store politikarane i det som er blitt kalla embetsmannsstaten, Frederik Stang og Anton Martin Schweigaard, kjempa begge for å halde på det maktfordelingsprinsippet som var nedfelt i grunnlova frå 1814. Det to kjempa på kvar sin arena, Stang som statsråd og statsminister, Schweigaard i Stortinget. Med riksrettsdommen frå 1884 var det slutt på embetsmannsstaten, og frå då av var det sonen til Frederik Stang og sonen til Anton Martin Schweigaard som kom til å dominere i den politiske rørsla som vart avleggjaren frå embetsmannsstyret, partiet Høgre.
På folkemunne vart Emil Stang, son til den store Frederik, i sine yngre år kalla for «prinsregenten».  Dei to unge, Emil Stang og Christian Homann Schweigaard, var barndomsvenner, og kom til å arbeide tett også i politikken. Det var Emil Stang som vart den første leiaren i landspartiet Høgre då det vart skipa i august 1884, og det var Stang som stabla det såkalla Aprilministeriet på beina etter at regjeringa Selmer var fjerna av riksretten. Meininga var at Stang då skulle bli statsminister, men krefter i partiet meinte det ville vere uklokt og utfordrande med eit nytt Stang-regime, og difor vart Schweigaard regjeringssjef. Det var Stang glad for seinare, for det å ha vore «aprilminister» stengde for eit samarbeid med den moderate delen av Venstre, eit samarbeid som to gongar skulle gjere Stang til statsminister.
Første leiaren i Høgre
Heilt sidan Høgre vart starta, var Stang partiformann. Unntaket var i dei periodane han var statsminister. Han meinte det ville vere urett å sitje både som statsminister og partileiar, og nestleiaren, C. H. Schweigaard, tok difor over som formann i desse periodane. Det same var tilfellet då Stang var lagmann, men frå 1898 vart han på nytt partileiar og sat både som det og som stortingsrepresentant fram til 1900. Då trekte han seg ut av all politikk, og året etter vart han utnemnd til dommar i Høgsterett, men helsa tok til å svikte og i 1904 søkte han avskjed.
Den første jobben Emil Stang fekk som formann i Høgre var å bygge bru. Partiet var slått over ende av riksrettsdommen, og det var sterke krefter i Høgre som ønskte hemn. Stang derimot meinte at riksrettsdommen måtte aksepterast, og at ein måtte godta verda slik ho nå hadde blitt. Hans strategi var å samle kreftene i eige parti og å arbeide for å bygge bru mot den moderate delen i Venstre. «Under hans energiske og kloke ledelse ble de sprikende fraksjonen sveiset sammen til en enig og slagkraftig opposisjon», skriv historikaren Alf Kaartvedt i «Høyres historie».
Den same historikaren meiner at ingen einskildperson har hatt ein så sterk innverknad på høgrepartiets politikk og strategi som det Emil Stang hadde i den tida han sto i spissen, frå 1883 til 1895. Han likna mykje på far sin i politisk tenking. Han ønskte maktdeling for å hindre fleirtalsdiktatur og sikre ei jamn, harmonisk utvikling. Difor var han motstandar av at ei av statsmaktene skulle monopolisere makta, og arbeidde for at kongemakta skulle kunne fungere som ei motvekt mot eit allmektig storting. Det var kongen som institusjon han tenkte på. Kongen som person derimot, i dette tilfellet Oscar II, hadde han lite til overs for.
I siste halvdel av 1880-åra var det Emil Stang og Johan Sverdrup som var dei to hovudmotstandarane i norsk politikk. Ytre sett var dei svært ulike. Sverdrup var liten, spinkel og mørk. Han sto som ei dirrande stålfjør på talarstolen. Han var folketalaren. Stang derimot, var middels stor og tjukk, med ein akademisk og litt kjedeleg måte å tale på, men med stor fagleg tyngde. Han var dessutan ein replikkens meister.  Sverdrup var herda og garva gjennom mange års opposisjonskamp. Stang hadde gått i lære hos far sin. «Han nærmet seg politikken som en sjakkspiller», skriv Kaartvedt. Han såg fleire trekk framover, og han såg tidvis så mange handlingsalternativ at han vart lamma når han skulle avgjere kva for eitt han skulle velje. Stang var ein utprega pessimist, og det gjorde at han som politikar og partileiar vart ein heller forsiktig og tenksam general.
Samarbeid med Moderate Venstre
Det var ein moderat og pragmatisk høgrepolitikk som vart hans linje, og etter kvart som kløyvinga i Venstre vart meir og meir tydeleg, så hadde han som mål å få den moderate delen av partiet over på si side. Då Moderate Venstre organiserte seg som eige parti ved valet i 1888, vart det etablert samarbeid med Høgre i fleire valkrinsar, og dette oppfordra Stang til. Samarbeidet med Moderate Venstre var ein hovudgrunn til at Høgre vann valet i 1888 (Høgre fekk største gruppa og fleirtal saman med Moderate Venstre), men det var Stang sin strategi å la Sverdrup sitje ved makta så lenge at kløfta mellom dei to Venstre-fraksjonane vart uoverstigeleg.
To vanskelege saker måtte også bli gjennomførde, jurylova og folkeskulereforma. I begge desse sakene var Venstre samla for og Høgre imot. Høgre stemde saman med Moderate Venstre ned to mistillitsframlegg frå Reine Venstre for å hindre at eit regjeringsskifte skulle kome for tidleg. Stang møtte motstand frå eigne rekkjer for dette, og i juni 1889 vart Emil Stang nærast driven til aksjon for å felle regjeringa. Sjølv frykta han at det var for tidleg, Venstre-kløfta var ikkje uoverstigeleg nok, og det fekk han rett i. Dessutan måtte han nytte eit mistillitsframlegg for å felle regjeringa Sverdrup, og det ville i så fall bli oppfatta som om Høgre hadde godteke parlamentarismen som prinsipp.
Sist i juni i 1889 sette Stang fram eit klart mistillitsframlegg, men det vart ikkje røysta over det før Stortinget avslutta sesjonen. Sverdrup prøvde å berge seg ved å få dei to Venstre-fraksjonane til å samarbeide, men den radikale delen av partiet, Reine Venstre, stilte for det første krav om at Sverdrup-regjeringa måtte gå av, og for det andre at den radikale delen av partiet skulle godkjenne kven som skulle sitje i den nye regjeringa. Sverdrup-regjeringa leverte avskjedssøknaden sin til kongen, men det vart ikkje semje om kven som skulle sitje i den nye regjeringa, og kong Oscar II nytta høvet og godtok regjeringa sin avskjedssøknad. Dermed hadde Sverdrup gått av, og han ga Emil Stang oppdraget med å skipe ny regjering.
Unionspolitikken
Stangs første regjering var prega av forsoning. I samansetninga av regjeringa la han tyngdepunktet, åtte av ti statsrådar, hos den moderate delen av Høgre. Han tok ikkje med folk som hadde vore aktive i forfatningskampen tidleg i 1880-åra. Dette skulle bli ei regjering som den moderate delen av Venstre kunne akseptere. Av same grunnen var det økonomisk politikk, ikkje dei konstitusjonelle sakene, som kom til å dominere regjeringa sitt arbeid. På alle andre område enn eitt såg det også ut til at samarbeidet mellom Høgre og Moderate Venstre kunne halde. Det eine området var unionspolitikken. Der fann Reine Venstre og Moderate Venstre saman, og denne konflikten skulle kome til å prege norsk politikk dei neste 15 åra.
Forhandlingar med svenskane
I unionen var det eit eige organ, det ministerielle statsråd, som hadde ansvar for utanrikspolitikken. I 1885 hadde svenskane på eiga hand utvida talet på svenske medlemer i dette organet frå to til tre. Tidlegare hadde det vore utanriksministeren og ein statsråd frå kvart av landa som sat i det ministerielle statsråd. Norge kravde difor også å få utvide talet på statsrådar frå ein til tre. Det fekk Emil Stang svenskane med på i 1890, men i det svenske opplegget var det teke for gitt at utanriksministeren skulle vere ein av dei svenske statsrådane. I Stang sin avtale med svenskane var det ikkje sagt noko om kva nasjonalitet utanriksministeren skulle ha. Stang sjølv var nok ikkje heilt nøgd med denne avtalen. Han hadde leia forhandlingane med svenskane, men hadde blitt sjuk i sluttfasen og dei endelege formuleringane var såleis ikkje hans verk. Stortinget kunne då heller ikkje godta ein avtale som var så ullen i sin omtale av hovudspørsmålet. Stang hadde ikkje anna val enn å stå på avtalen og han stilte kabinettspørsmål, det første nokon gong frå Høgre. Med 59 mot 55 stemmer vart Stang sitt framlegg forkasta.
Krav om eigen utanriksminister
Emil Stang tok straks konsekvensen av nederlaget og gjekk av den 6. mars 1891. Dei to Venstre-partia skipa regjering med Johannes Steen som statsminister. Den nye regjeringa sitt krav var eigen utanriksminister og eige utanriksstyre. Dette kravet sikra Reine Venstre eit fleirtal på Stortinget på 65 mandat ved valet i 1891. Mykje av sigeren kom av valordninga. Reine Venstre fekk knappe 52 000 stemmer, mens Høgre og Moderate Venstre til saman fekk rundt 50 000.
Det vart nokså snart klart at ein eigen norsk utanriksminister var heilt urealistisk, og fordi dette utan tvil var ei unionssak var det ikkje opp til Norge åleine å avgjere det. Venstre-regjeringa våga ikkje å ta ein strid med Sverige i 1891, og la kravet om eigen utanriksminister på is, men reiste i staden kravet om eige norsk konsulatvesen. Det var eit krav som alle partia på Stortinget var samde om, og som eigentleg var naturleg etter kvart som den norske skipsfarten og utanrikshandelen hadde auka. Spørsmålet var om Norge kunne etablere eige konsulatvesen på eiga hand. Ja, svara Venstre. Nei, sa Sverige, og Emil Stang og Høgre ville ha forhandlingar med svenskane. Venstre hadde fleirtalet og i 1892 vedtok Stortinget å opprette eige norsk konsulatvesen. 50 000 kroner vart løyvd til formålet.
Politisk krise
Regjeringa Steen visste at kongen etter råd frå den svenske regjeringa ville nekte å sanksjonere vedtaket. Derfor la regjeringa ned embeta sine før saka kom i statsråd, og utan nokon statsråd til å kontrasignere sanksjonsnektinga, vart ho heller ikkje gyldig. Med eit Venstre-fleirtal i Stortinget kunne ikkje kongen få danna ei levedyktig ny regjering heller, og han ba den gamle halde fram som forretningsministerium.
I fleire veker framover var det politisk krise i landet. Regjeringa møtte ikkje i Stortinget, og Stortinget la ned arbeidet i fleire veker. Kongen vende seg til Emil Stang og ba han skipe regjering, men han kravde i så fall eit svensk ja til eige norsk konsulatvesen, og det sa den svenske regjeringa nei til.  Det enda med at Venstre måtte gjere retrett. Etter framlegg frå Christian Michelsen ba eit samrøystes Storting regjeringa Steen om å trekkje avskjedssøknaden tilbake. Konsulatsaka vart utsett, men ikkje lenger enn til året etter. Då vedtok Stortinget på nytt å opprette eige norsk konsulatvesen. Kongen ville nekte sanksjon, men regjeringa kom han i forkjøpet og gjekk av.
Politisk sjikane
Kongen, Oscar II, vende seg til Emil Stang og nærast trygla han om å skipe regjering til erstatning for Steen-regjeringa som nå truga unionen. Denne gongen innvilga kongen avskjedssøknaden frå regjeringa og utnemnde Emil Stang som ny statsminister for ei rein Høgre-regjering. Når Stang sa ja denne gongen var det nok fordi han frykta at Venstres harde linje kunne truge både unionen og kongemakta, og til slutt kanskje til og med føre til at svenskane greip inn militært. Den nye regjeringa Stang vart straks møtt med mistillit av stortingsfleirtalet, og Alf Kaartvedt hevdar at inga norsk regjering, korkje før eller seinare er blitt utsett for tilsvarande politisk sjikane som det Stangs andre regjering vart møtt med. Stortingsfleirtalet nekta å helse på statsrådane, og dei vart kalla «politiske forbrydere». Stortingsfleirtalet røysta ned framlegg til løyvingar, apanasjen til kongen og kronprinsen vart nedsett. Statsministerens representasjonskonto vart inndregen, og det vart truga med riksrett.
Fastlåst krise trugar landet
Då Stang skipa regjering, sa han at han appellerte til veljarane ved valet i 1894, men ved dette valet fekk framleis Venstre fleirtal, sjølv om det var mindre enn sist. I januar 1895 søkte difor regjeringa Stang avskjed, men vart sitjande nokre urolege månader til. Krisa såg ut til å vere heilt fastlåst. Venstre ville ikkje ta over regjeringsmakta utan at vedtaket om oppretting av eige norsk konsulatvesen vart godkjent. I Sverige vart stemninga meir og meir trugande, og den svenske riksdagen oppfordra regjeringa til å revidere unionstraktaten. Risikoen for krig var til stades. Dette presset gjorde at det tok til å rakne i Venstre-rekkjene. Drøftingar kom i gang mellom dei tre stortingsgruppene, og 7. juni 1895 vart det med 90 stemmer vedteke at det på fritt grunnlag bør innleiast forhandlingar med Sverige, men frå norsk side skulle det skje med «en med storthinget samarbeidende regjering». I det låg klart at fleirtalet ikkje tenkte på Stang-regjeringa. Emil Stang var då også motstandar av vedtaket. Frå Sverige kom det klare signal om at ei ny Venstre-regjering ikkje ville bli akseptert, og det vart arbeidd med eit alternativ med ein ny Høgre-statsminister. Først den 14. oktober fekk regjeringa Stang avskjed, og justisministeren i Stang si regjering, Francis Hagerup, skipa ny regjering. Stang sjølv var ute av politikken, og for nokre år vart han lagmann i Borgarting og Agder, men i perioden 1898 - 1900 var han på nytt stortingsrepresentant og partileiar.
I 1901 vart han utnemnd til høgsterettsdommar, men han var utsliten og sat ikkje lenger enn til 1904. Den harde striden med Venstre i 1890-åra hadde gått hardt innpå han, nærtakande som han var. Etter 1904 trekte han seg heilt tilbake frå det offentlege liv, men levde lenge nok til å få sjå sonen sin, Fredrik, tredje generasjon Stang, bli formann i Høgre. Han døydde 4. juli 1912.

Videokjelde: nrk.no  http://www.nrk.no/skole/klippdetalj?topic=nrk:klipp/553755  [lesedato 12.6.13]

 
Kjelder
 
 
Utdrag frå Harald Kjølås: Norske statsministrar, Det Norske Samlaget 1999
Redigert med digital einerett etter avtale med Det Norske Samlaget 2012

Først publisert: 08.03.2012
Sist oppdatert: 12.06.2013