Hopp til innhold
X
Innhald

Emil Stang

Emil Stang, 1882–1964, var jurist og politikar for Arbeidarpartiet/NKP. Han var son av Frederik Stang. Emil Stang var viseformann i Arbeidarpartiet frå 1918 og fungerande formann i 1922–23. Han var med på å danne Norges Kommunistiske Parti i 1923, og ei tid var han med i leiinga av partiet, men forlét det i 1928. Stang verka som høgsterettsdommar frå 1936, og han var høgsterettsjustitiarius mellom 1946 og 1952.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.04.2016
Sist oppdatert: 07.04.2016