Hopp til innhold
Foto: Berit Roald, Scanpix/ Statsministerens kontor
Foto: Berit Roald, Scanpix/ Statsministerens kontor
X
Innhald

Erik Solheim

Erik Solheim, samfunnsvitar og politikar, tidlegare statsråd og partileiar. Han var ein særleg tonegivande politikar i Sosialistisk Venstreparti i 1980- og 90-åra.

Erik Solheim er fødd 18. januar 1955 i Oslo. Han tok examen artium ved Oslo katedralskole i 1974 og vart cand.mag. i 1980 med faga historie og samfunnsfag ved Universitetet i Oslo. Sidan 1977 har Solheim hatt sentrale politiske tillitsverv. Mellom anna har han vore leiar for Sosialistisk Ungdom (1977–80), partisekretær i Sosialistisk Venstreparti (1981–85) og partileiar for Sosialistisk Venstreparti (1987–97).
Solheim var stortingsrepresentant for Sosialistisk Venstreparti på Stortinget for Sør-Trøndelag i 1989–93 og for Oslo i 1993–2001. I Jens Stoltenberg si andre regjering var han statsråd for utviklingssaker i Utanriksdepartementet i 2005–07, og han var han statsråd for Miljøverndepartementet i 2007–12.
Solheim sine fanesaker har vore miljø- og klimapolitikk, og då gjerne i eit utviklingsperspektiv. Han høyrde til høgresida i Sosialistisk Venstreparti, og han var ein pragmatisk politikar alt frå tida i ungdomspartiet. Som stortingsrepresentant og statsråd var han open for samarbeid med andre parti. I sjølvbiografien Nærmere (1999) og i debattboka Politikk er å ville (2013) skriv Solheim at det er viktig å sjå politiske saker frå ulike sider. Skal ein oppnå politiske resultat, meiner Solheim at ein ikkje kan låse seg til ideologi og partiprogram.
Solheim var spesialrådgivar for Utanriksdepartementet som fredsmeklar på Sri Lanka i 2000–05. I 2013 tok han til som leiar for OECD sin utviklingskomité, Development Assistance Commitee (DAC). DAC koordinerer samarbeidet mellom givarlanda av bilateral bistand. Solheim har òg hatt tillitsverv i andre organisasjonar. Han var leiar for Worldview Rights i 1997–2000, og han var president i Den norske Helsingforskomité i 2000–05.
Kjelder
Erik Solheim, biografi, oecd.org: http://www.oecd.org/dac/dacchaireriksolheim.htm [lesedato 29.12.2012]
Erik Solheim, CV, regjeringa.no:
 
Peikarar

Først publisert: 26.09.2013
Sist oppdatert: 26.09.2013