Hopp til innhold
Foto: Stortinget
Foto: Stortinget
X
Innhald

Erling Sande

Erling Sande, strategidirektør og tidlegare leiar av Energi- og miljøkomiteen på Stortinget

Erling Sande er fødd 8. november 1978 i Bremanger i Sogn og Fjordane. Han gjekk på Firda vidaregåande skule i 1994–97, Nordhordland folkehøgskole 1997–98 og er utdanna cand.mag. med mellomfag i historie og samfunnsgeografi og grunnfag i samanliknande politikk frå Universitetet i Bergen i 2004. Han var politisk rådgivar for Senterpartiet si stortingsgruppe i 2004–05 og møtte fast på Stortinget for Senterpartiet frå Sogn og Fjordane for periodane 2005–13 medan Liv Signe Navarsete var statsråd. Han leia energi- og miljøkomiteen 2009–2013. Frå 2014 er han konserndirektør for strategi og utvikling i Sogn og Fjordane Energi (SFE).
Sande var leiar av Senterungdommen i Sogn og Fjordane i 1997–99, Bergen Senterstudenter i 1999–2001 og varamedlem i sentralstyret til Senterungdommen i 2002–03. Han var representant for Senterpartiet i Bremanger kommunestyre i 1999–2003, medlem av fylkestinget i Sogn og Fjordane i 1999–2003 og 2005–07 og medlem av fylkesutvalet i 2003–05. I periodane 2005–09 og 2009–13 var han vararepresentant til Stortinget, men møtte fast 2005–13 for statsråd Liv Signe Navarsete. I perioden 2009–13 var han nestleiar for Senterpartiet si stortingsgruppe.
Sande var leiar av elevråda ved Firda vidaregåande skule i 1996–97 og Nordhordland folkehøgskole i 1997–98. Han var nestleiar i styret for Sogn og Fjordane teater i 2000–04 og har hatt ei rekkje offentlege verv i heimfylket. Sande er ein profilert nynorskbrukar og blei referert på nynorsk i Stortinget.

2014–2016 var styremedlem i Grønn Kontakt, og frå 2015 er han styremedlem i eSmart Systems. 

  
Kjelder
Erling Sande, «Representanter og komiteer», stortinget.no: http://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=ESAN [lesedato 7.11.2012]
Omtale av Erling Sande på senterpartiet.no: http://www.senterpartiet.no/erling-sande/category13055.html [lesedato 7.11.2012]
Peikarar

Først publisert: 23.05.2013
Sist oppdatert: 01.08.2018