Hopp til innhold
X
Innhald

Fabian Stang

Fabian Stang, jurist, lokalpolitikar for Høgre i ei årrekkje og ordførar i Oslo 2007–2015. Frå 2016 er han statssekretær for innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug.

Fabian Stang er fødd 19. august 1955 i Oslo. Han gjekk på Hartvig Nissens videregående skole i 1972–75 og er utdanna cand.jur. frå Universitetet i Oslo i 1983. Stang arbeidde som lærar medan han var student, så var han advokatfullmektig og deretter politifullmektig fram til 1986, då han blei partnar i advokatfirmaet Torkildsen, Tennøe & co.

Stang blei vald inn i Oslo bystyre for Høgre i 1999 og har seinare hatt fast plass. I bystyret har han vore medlem av mellom anna helse- og sosialkomiteen, samferdsels- og miljøkomiteen, byutviklingskomiteen og finanskomiteen. I Oslo var det borgarleg styre i 18 år i strekk, og mellom 2007 og 2015 var Stang ordførar. I perioden 2015–19 er han leiar av helse- og sosialkomiteen i bystyret i Oslo. I 2016 vart han utnemnd som statssekretær i Justis- og beredskapsdepartementet for innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug.

Stang var ein synleg og populær ordførar i hovudstaden i åtte år. Han kallar seg Oslo-partriot og er den politikaren i landet som har fått flest personrøyster ved dei siste lokalvala.

Fabian Stang fekk kommandørkorset av Litauens fortenesteorden i 2011. Han blei òg kåra til «Årets Osloborger» i 2011 og fekk «Åpenhetsprisen» same året.

Kjelder

Viggo Valle: «Fabian Stang», nrk.no: http://www.nrk.no/kultur/fabian-stang-1.7869501 [lesedato 9.12.2015]

Om Fabian Stang på nettstaden til Oslo Høyre, oslohoyre.no: http://www.oslohoyre.no/politiker/fabian-stang/ [lesedato 9.12.2015]

Peikarar

Camilla Berg Hansen: «Onkel Oslo», dagbladet.no

Christian Sørgjerd: «Fabian Stang fortsetter som heltidspolitiker», osloby.no

NTB: «Fabian Stang (H) er fortsatt bystyrets mest populære», kommunal-rapport.no

Linn Kongsli Hillestad og Oda Leraan Skjetne: «Nå er det slutt for Fabian Stang som ordfører: – I dag kunne jeg tute på en idiot i trafikken, det har jeg ikke gjort på åtte år», dagbladet.no

Hanne Mauno: «Fabian av Oslo», dagsavisen.no

Pressemelding 21.10.2016: «Endringar blant statssekretærane», regjeringa.no»

Først publisert: 20.04.2016
Sist oppdatert: 03.01.2017