Hopp til innhold
Foto: Statsministerens kontor
Foto: Statsministerens kontor
X
Innhald

Frederik Stang

Frederik Stang, jurist og politikar. Han var i over 30 år ein av dei viktigaste premissgivarane til utviklinga i det norske samfunnet på 1800-talet. I perioden 1873–1880 var han statsminister.

Frederik Stang var fødd 4. mars 1808 i Stokke i Vestfold og døydde 8. juni 1884. Stang høyrde til ei gamal handelsslekt som hadde hovudsete i Halden. Han vart fødd på garden Rostad i Stokke. Faren, Lauritz Leganger Stang, kjøpte garden etter han vart prokurator i Tønsberg. 
I 1814 vart Lauritz Stang utnemnd til sorenskrivar i Ryfylke og busette seg i Stavanger, der han vart verande til 1827, då han vart sorenskrivar i Nordhordland og busette seg i Bergen. Frederik Stang har sjølv skrive om at han hugsa den lange og slitsame reisa frå Tønsberg til Stavanger, ei reise som tok tre veker. Den gongen fanst det ikkje rutegåande transportmiddel, og dei reisande vart frakta av skysskarar med hest og kjerre, eller der det var vegar til det, med karjol. På sjøstrekningar vart det nytta robåt med tre rorskarar. På ei reise mellom Kristiania og Stavanger vart det ei endelaus rekkje med av- og pålessingar og risting på enkle kjerrevegar. Frederik Stang visste sjølvsagt ikkje då at han med sin store innsats som sjef for Indredepartementet 30 år seinare skulle kome til å revolusjonere samferdsla her i landet, men kanskje hadde dei heller strabasiøse reisene i barndomen sitt å seie for at han fekk så stor interesse for utbygging av kommunikasjonane?
Juridikum fullførte han i 1828, 20 år gamal, med framifrå resultat. Etter ei kort tid i eit departement, vart Stang - framleis berre 20 år - kalla til Universitetet som dosent i lovkunne. Frå 1831 til 1835 var han universitetslektor, og i 1833, berre 24 år gamal ga han ut det banebrytande verket: «Systematisk Fremstilling af Kongeriket Norges constitutionelle eller grundlovbestemte Ret». Dette var det første kommentarverket til grunnlova av 1814, og med dette verket og med arbeidet sitt på Universitetet la Frederik Stang grunnlaget for norsk rettsvitskap. Som Jens Arup Seip skriv i boka «Et regime foran undergangen»: «Stang og hans samtidige begynte livet uten arv. Det selvlærte, som er så typisk for de beste blant dem, må kanskje bære noe av skylden for det smale vingefang og den korte pust hos denne generasjonen, som tellet så mange lysende begavelser». Det meste av institusjonar måtte byggast frå grunnen av, og dei som gjorde det, måtte sjølve vere sine eigne læremeistrar. 
Ein viktig politikar
Knapt nokon politikar hadde ei meir dominerande rolle enn det Frederik Stang hadde i norsk politikk på 1800-talet. Trass i at han hadde tittelen statsminister i berre i litt over sju år, var han i over 30 år den viktigaste premissgivaren til utviklinga i det norske samfunnet.
I boka  «De nasjonale strateger», hevdar Rune Slagstad at Frederik Stang er den eine av to politiske leiarprofilar som ragar over alle andre i norsk historie etter 1814. Den andre er Einar Gerhardsen. Dei to sto i spissen for kvart sitt kraftfulle reformregime: embetsmannsstaten for Stang sitt vedkomande og Gerhardsen sto i spissen for arbeidarpartistaten. I 30 år, lenger enn nokon annan nordmann sat Frederik Stang i regjeringsposisjon og i 19 av desse åra var han leiaren i regjeringa.
Sjå video frå NRK Skole: "Partiet Høyre", sendt 25.3.1979:
 
Indredepartementet
Stang gifta seg i 1833 og måtte søkje seg eit betre utkome enn det Universitetet kunne by han. Han tok difor advokatprøve, det vil seie at han førte ei sak for retten, og vart utnemnd til høgsterettsadvokat i 1834. I vel ti år praktiserte han advokatyrket, og vart raskt kjend som ein av dei fremste skrankeadvokatane i landet. Han var regjeringsadvokat i nokre år, og han avslutta si tid i retten med å vere forsvarar for statsråd J. H. Vogt då han i 1845 vart stilt for riksrett for ikkje å ha retta seg etter eit vedtak som Stortinget hadde gjort i to tollsaker. Stang makta å få Vogt frikjend, og den framifrå måten han førte saka på, gjorde at han like etterpå vart utnemnd til statsråd og sjef for det nye Indredepartementet. Det vart starten på Frederik Stangs mest byggjande periode.
Det nye Indredepartementet hadde ansvar for næringslivet, medisinalstellet, kommunane, statistisk kontor og ikkje minst, samferdselssakene. Særleg det siste var av interesse for Stang. Han innsåg at kommunikasjonane måtte byggast ut for å få fart i handel og få bygd ut den økonomiske verksemda i landet. Han var liberalist, men innsåg at i det unge og uutvikla samfunnet som Noreg då var, så fanst det ikkje privat kapital til utbygging. I staden måtte staten vere entreprenøren og stå for utbygginga. Fram til då var Vegvesenet underlagt Justisdepartementet, og det var juristar som administrerte vegpolitikken. Det fekk Stang endra på. Han såg kva verdi det låg i teknisk kompetanse og han fekk ein militærutdanna ingeniør til å lage planen for norsk vegbygging. Dei militære, særleg artillerioffiserane, var dei einaste med ingeniørkompetanse i landet.
Stang utarbeidde også planane for jarnbane mellom Oslo og Eidsvoll, han tok initiativ til å bygge ut eit telegrafnett, moderniserte postvesenet og merke- og fyrvesenet vart bygd ut.  Også det ved hjelp av fagleg ekspertise. Juristen Stang var ei drivkraft i arbeidet med å trekkje ny kompetanse inn i embetsverket, og då gjerne til erstatning for juristar. Det var i desse åra at grunnlaget vart lagt for det moderne Noreg.
Anton Martin Schweigaard
Hjelp til å få sakene gjennom i Stortinget hadde han av ein annan av dei store politikarane i embetsmannsstaten, Anton Martin Schweigaard. Schweigaard var fødd same året som Stang, og vart etter kvart den leiande mann i Stortinget. Dei var begge juristar av stort format. Schweigaard var jusprofessor og stortingsmann. Stang sat i regjeringa, og sidan statsrådar ikkje hadde høve til å møte i Stortinget, vart dei to rett som det var sett vandrande opp og ned Karl Johans gate mens dei drøfta politiske spørsmål. Dei to var ikkje spesielt nære vennar. Stang hadde få slike. Schweigaard og Stang var også svært ulike. Schweigaard var det lysande geniet i si samtid, ideologen, mens Stang var praktikaren, handlingsmennesket. 
Sjukdom
Statsråd Stang vart etter kvart den mest populære mannen i regjeringa. «Løfte-Stangen» vart namnet hans på folkemunne, og då han i 1855 måtte forlate regjeringa på grunn av sjukdom, vart det sett i gang ei pengeinnsamling til æresgåve. 16 000 spesiedalar kom inn, og med dei pengane vart Stang kvitt den store gjelda han hadde etter det store huset han hadde bygd seg like ved der Frederik Stangs gate på Frogner i Oslo går i dag.
Sjukdomen Stang fekk var ein djup depresjon, og det harde arbeidspresset var nok ei medverkande årsak, men som person var han heller ikkje særleg nervesterk. Historikaren Wilh. Keilhau fortel at då Stang vart sjuk lei han mellom anna av den vrangførestellinga at han ikkje lenger kunne gå. Han låg i senga i fleire veker og nekta å stige fram på golvet av frykt for at han ville falle.  Han kom seg til att etter nokre år med kvile, men var utan tvil svekka både fysisk og psykisk av sjukdommen. Mykje av det stivsinn han la for dagen på slutten av si styringstid kan forklarast med endringar i personleg karakter som følgje av sjukdommen. 
På Stortinget
I 1859 vart han vald både til bystyret i Kristiania og til Stortinget. Han vart ein av dei fremste representantane på Stortinget. I sin heller korte periode der rakk han å røyste for at statsrådane burde få høve til å møte i Stortinget. Dette synet hadde han hatt sidan ungdomen, og han meinte at møterett for statsrådane i Stortinget ville styrke regjeringa i høve til Stortinget. Ei slik reform ville føre til at sakene vart grundigare drøfta, meinte han. Opposisjonen hadde tidlegare vore imot ei slik reform, også Johan Sverdrup som hadde blitt medlem av Stortinget i 1851, men under avrøystinga om statsrådars møterett i Stortinget i 1860 snudde Sverdrup for første gong og stemte saman med Stang. Det vart likevel ikkje grunnlovsmessig fleirtal for reforma. På dette tidspunktet var det ingen som tenkte seg eller hadde noko ønskje om at statsrådane sin møterett i Stortinget skulle føre til innføring av parlamentarisme.
Statsråd for Revisjonsdepartementet
Heilt sidan 1814 hadde regjeringa nærast vore sjølvsupplerande, i den forstand at statsrådar kom og gjekk, og også statsministeren i Stockholm kom og gjekk utan at det var tale om noko regjeringsskifte. Statsministeren i Stockholm hadde to statsrådar med seg, og resten av regjeringa sat i Kristiania. Desse siste statsrådane vart kalla «den norske regjering». Det var vanlegvis statthaldaren som møtte som Kongens representant i regjeringa i Oslo, men frå 1856 då det ikkje var utnemnd nokon statthaldar i Kristiania, var det førstestatsråden som leia møta. Fordi statsministeren hadde sin forløpar i posten som førstestatsråd, vart det vanleg også etter at førstestatsråden fekk namnet statsminister at vedkomande også var statsråd i eit anna departement. Stang sat heile tida som statsråd for Revisjonsdepartementet. Statsministeren hadde ikkje eige kontor. Han sat i det departementet han var sjef for ved sidan av å vere statsminister.
Stang sat i Revisjonsdepartementet, og det blir fortalt at etter han hadde gått av, så fann dei ei fora kasse under Stangs skrivebord i Revisjonsdepartementet. Når statsministeren kom på kontoret i kalde vintermorgonar, så stakk han beina ned i kassa for å halde varmen i dei trekkfulle lokala. Slik kunne han sitje heile dagen. Han måtte sjeldan i møte, og aldri vart han plaga av å måtte møte i Stortinget.
Maktkamp mellom Stortinget og regjeringa
To viktige symbolsaker, statsråd-saka og det norske kravet om å fjerne statthaldarposten, Kongens representant og symbolet på den svenske kongemakta i Noreg, kom til å prege norsk politikk i mange år framover. Norske politikarar kravde større handlingsrom i høve til den svenske kongemakta. Etter kvart vart det også ein maktkamp mellom Stortinget og regjeringa. Sjølv om Fredrik Stang støtta fjerning av statthaldarposten, var han imot å tukle med det maktfordelingsprinsippet mellom konge, regjering og storting som grunnlova legg opp til.
Svensk-norsk konflikt om statthaldarstillinga
I 1861 vart Frederik Stang på nytt utnemnd til statsråd og denne gongen som førstestatsråd, den fremste av statsrådane. Det vil seie at han i praksis var regjeringssjef. Den første oppgåva han fekk var å finne ei løysing på den svensk-norske konflikten om statthaldarstillinga.
Svenskane nekta å godta at denne stillinga skulle fjernast utan at ein samstundes fekk endra unionsavtalen i ei retning som ga svenskane større makt. Stang hadde teke over som regjeringssjef etter Christian Birch-Reichenwald, som vart avsett fordi han ikkje ville godta dei svenska krava om endring av unionsavtalen, og politisk låg det dermed i Stangs godtaking av å bli regjeringssjef, at han skulle vere mildare stemt overfor dei svenske krava. Han visste nok difor då han sa ja til oppgåva at han kom til å utfordre Stortinget og fornekte fleire av dei standpunkta han hadde hatt i yngre år. Då han sat på Stortinget i 1860 hadde han vore med på å vedta ei fråsegn til kongen om statthaldarstillinga. Fråsegna sa at først måtte statthaldaren bort, så kunne det bli tingingar om revisjon av unionsavtalen.
Som regjeringssjef måtte no Stang arbeide for å mjuke opp dette standpunktet. Det fekk han Stortinget med på i 1863, då tinget sa seg villig til å vere med på ein unionsrevisjon så lenge denne ikkje rokka ved jamstellinga mellom Noreg og Sverige, og retten for Noreg til fritt å kunne styre med det som ikkje var opplista i avtalen som unionelle. Det skulle likevel vise seg at då framlegget til endring av unionsavtalen kom til avrøysting i 1871, så fall det med dunder og brak. Berre 17 røysta for og 92 røysta mot. Stang hadde tapt si store sak, slik han tapte ei lang rekkje saker utover i 1860-åra.
Stang vart sitjande, trass nederlaget. Han meinte det ville smake av parlamentarisme om han skulle gå av etter eit nederlag i Stortinget. Meir og meir såg han på Stortinget som ein motstandar, og han valde seg statsrådar som såg det på same måten. Fleire gongar vedtok Stortinget å endre Grunnlova slik at statsrådane kunne få møterett i Stortinget, men no var Stang i mot og han fekk kvar gong kongen til å nekte sanksjon. Spørsmålet om årlege storting var oppe til avgjerd i 1866, men då var det ikkje fleirtal for det, fordi bonderepresentantane av spareomsyn var imot. Stang og regjeringa derimot var tilhengarar av reforma, og i 1869 vart det fleirtal i Stortinget for årlege storting. Det korkje Stang eller andre visste var at denne reforma skulle kome til å skjerpe maktkampen mellom Stortinget og regjeringa og kongemakta endå meir. Dei årlege storting vart også ein hovudføresetnad for framveksten av partivesenet, eit vesen Stang var motstandar av heile livet.
Statsministerembete i Kristiania
I 1873 fekk statthaldarsaka si løysing. Kong Karl XV hadde døydd året før, og den nye kongen, Oscar II ville gjerne ha saka ut av verda. Det var hans «morgongåve» til det norske folk.  I vedtaket om fjerning av statthaldarposten var det med at det samstundes skulle skipast eit, i tillegg til det som heile tida hadde vore i Stockholm, og 21. juli 1873 vart Frederik Stang utnemnd.
Mens Stang i ungdomen som rettslærd fritt kunne drøfte tilhøvet mellom statsmaktene, var han no blitt ei statsmakt. Tilhøvet mellom storting og regjering var for ein stor del blitt identisk med tilhøvet mellom Stortinget og Stang sjølv. I ungdomen såg han på nasjonalforsamlinga som den staden der folkevilja skulle kome til syne. I alderdomen såg han på seg sjølv som eit bolverk mot «det lavere Folkeinstinct» i Stortinget. Han meinte og trudde at den radikale opposisjonsgruppa som vaks fram under leiing av Johan Sverdrup kunne kome til å øydelegge maktbalansen mellom statsmaktene og dermed også truge konstitusjonen.
Statsrådane sin møterett i Stortinget
Først og fremst var det spørsmålet om statsrådane sin møterett i Stortinget som kom til å dominere maktkampen utover i 1870-åra. I 1872 vedtok Stortinget med grunnlovsfleirtal å gi statsrådar tilgang til Stortinget, men Stang fekk kongen til å nekte sanksjon. Då fekk han eit mistillitsvedtak mot seg, men trekte seg ikkje. 
I 1874 fremja Stang sjølv eit framlegg om statsrådars tilgang, men som motyting ville han at kongen skulle få oppløysingsrett. Ved å ha godtatt oppløysingsrett kunne altså Sverdrup ha fått gjennomført den store saka si alt i 1870-åra. Truleg hadde han høgare mål enn å få løyst denne eine saka. Oppløysingsretten fall, men framlegget om at statsrådane kunne møte i tingsalen vart vedteke. Utan oppløysingsrett rådde Stang kongen til å nekte sanksjon. Same framlegget vart vedteke i 1877 og 17. mars 1880, altså dei tre gongane som Grunnlova krev for at eit vedtak utan sanksjon skal vere gyldig. 9. juni slo Stortinget fast med 74 mot 40 stemmer at vedtaket i statsrådssaka var gyldig og at kongen ikkje hadde absolutt veto i grunnlovssaker.
Regjeringa bøygde ikkje av, og avviste i eit vedtak å kunngjere stortingsvedtaket som grunnlov. Trass i at Stang i ungdomen meinte at kongen berre kunne ha utsetjande veto i grunnlovssaker, var han no komen til at han etter grunnlova var jamstelt med Stortinget og dermed måtte kunne stanse eit lovvedtak som endra maktfordelinga. Stang var 72 år i 1880, ein gamal mann, og hardkøyret kunne merkast på han. Han var utsliten av den lange striden.  Ut etter våren og sommaren vart han skral. Han forsto vel også at han no kunne risikere at kongen kom til å ofre han for å få fred med Stortinget, og for ein så ærekjær mann som Frederik Stang ville det å få sparken vere det største av alle nederlag. Han søkte difor avskjed i september og søkte om vanleg statsrådspensjon på 6000 kr. Regjeringa auka denne til 12 000, men Stortinget reduserte summen i 1881 til 6000 kroner. Dette tykte venene hans var så nedverdigande for ein mann som hadde stått i fremste rekkje i det norske samfunnet i over 30 år at dei starta ei innsamling. Det kom inn 81 000 kroner. Stang ga desse pengane til eit stipendfond til Universitetet.
I 1879 hadde Stang hatt 50-års jubileum som embetsmann, og han var utan tvil den fremste representanten for embetsmannsstaten sin epoke her i landet. Eigentleg var han i heile sitt vaksne liv ein politikar, men likevel med det ein kan kalle embetsmannsmoral. Det blir fortalt om han at han hadde to blekkhus på skrivepulten sin. Det eine til privat bruk som han hadde kosta sjølv. Det andre var staten sitt.
Embetsmannen
Stang levde også eit særs nøkternt liv. Han var fråhaldsmann heilt frå ungdomen av og ein forkjempar for fråhaldssaka.  Særleg mange venner hadde ikkje. Han var redd for å binde seg og redd for dei sterke kjenslene sine. Personleg sympati og antipati mot andre menneske kunne spele ei stor rolle i kjenslelivet hans. Han kunne verke arrogant og støytte folk frå seg, men han kunne også sjarmere folk i senk. Han var eit stemningsmenenske som lett tok til tårene. Han var svært nærtakande og vart lett deprimert, men også lett å smigre.
I sine velmaktsdagar som statsråd var han nok meir elska av folket enn knapt nokon annan på den tida, men i perioden som statsminister opplevde han at hans argaste motstandar, Johan Sverdrup, var meir populær enn han sjølv. 
I yngre dagar var Stang ein smidig og kraftfull politikar, men i møtet med dei nye demokratikrava og Johan Sverdrups venstrepposisjon så stivna han. I 1884 døydde Frederik Stang. Johan Sverdrup var ein av dei mange som følgde han til grava, berre få dagar før han sjølv overtok statsroret.
Videokjelde: nrk.no  http://www.nrk.no/skole/klippdetalj?topic=nrk:klipp/553754 [lesedato 12.6.13]

 
Kjelder
 
 
Utdrag frå Harald Kjølås: Norske statsministrar, Det Norske Samlaget 1999
Redigert med digital einerett etter avtale med Det Norske Samlaget 2012

Først publisert: 14.03.2012
Sist oppdatert: 12.06.2013