Hopp til innhold
Georg Sverdrup, måla av D. Arnesen. Biletet er eigd av Siedsvoll 1814. CC BY SA 4.0.
Georg Sverdrup, måla av D. Arnesen. Biletet er eigd av Siedsvoll 1814. CC BY SA 4.0.
X
Innhald

Georg Sverdrup

Georg Sverdrup, 1770–1850, var professor, politikar og eidsvollmann.

Georg Sverdrup, 1770–1850, var vitskapsmann og politikar. Sverdrup verka som professor i gresk i København frå 1805, og i Christiania frå 1813. Han var også professor i filosofi mellom 1831 og 1841, og universitetsbibliotekar i åra 1813–45.

På stormannsmøtet på Eidsvoll i februar 1814 var han ein sterk talsmann for suvereniteten til det norske folket og oppmoda prins Christian Frederik om å gi opp planane sine om å gjere seg til norsk konge i kraft av arveretten. Vidare var han ein av dei leiande mennene i sjølvstendepartiet i riksforsamlinga i april–mai 1814 og stortingsrepresentant i 1818 (stortingspresident) og 1824.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.04.2016
Sist oppdatert: 07.04.2016