Hopp til innhold
Foto: Grøn Ungdom
Foto: Grøn Ungdom
X
Innhald

Hallvard Surlien

Hallvard Surlien, student og tidlegare nasjonal talsperson for Grøn Ungdom.

Hallvard Surlien er fødd 1. august 1989 i Kongsberg i Buskerud og er busett i Oslo. Han gjekk på Kongsberg videregående skole i 2005–08 og studerer rettsvitskap ved Universitetet i Oslo.
Han blei politisk aktiv i Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) i samband med lokal- og fylkestingsvalet i 2011, og han blei vald til talsperson for Grøn Ungdom i 2012, saman med Ida Karina Kann, og attvald saman med Ingrid Ophaug Dahl i 2013. Surlien satt som talsperson i Grøn Ungdom til 2014. Han er òg medlem av sentralstyret i MDG og var andrekandidat i Buskerud for partiet ved stortingsvalet i 2013.
Politisk er Surlien oppteken av klima, landsbrukspolitikk og kollektivtransport, og han arbeider mot oljeutvinning i nord. Surlien er ein aktiv debattant som er synleg i mediebiletet.
Surlien har erfaring frå organisasjonsarbeid og har hatt fleire tillitsverv. Han har mellom anna vore aktiv og arbeidd frivillig i Natur og Ungdom, har vore leiar av studentlaget ved Universitetet i Oslo og koordinator i klimautvalet i Spire, utviklingsfondets ungdom.
Kjelder
Om Hallvard Surlien på nettsidene til Miljøpartiet Dei Grøne, mgd.no: http://oslo.mdg.no/hallvard-surlien/ [lesedato 10.9.2013]
Peikarar

Først publisert: 04.02.2014
Sist oppdatert: 06.05.2014