Hopp til innhold
Foto: Stortinget
Foto: Stortinget
X
Innhald

Hans Olav Syversen

Hans Olav Syversen, jurist og stortingsrepresentant for Kristeleg Folkeparti frå Oslo sidan 2005. Han var parlamentarisk leiar for stortingsgruppa til partiet i 2011–13.

Hans Olav Syversen er fødd 25. november 1966 på Skjervøy i Troms. Han tok examen artium ved Grefsen videregående skole i 1986 og er utdanna cand.jur. frå Universitetet i Oslo i 2000. I 1984–88 arbeidde han ved Christiania Glassmagasin, var lærarvikar ved Grefsen skole i 1986–87, deleigar i frukt- og tobakksforretning i 1989–91, og i 1990–95 var han gruppesekretær i bystyregruppa til KrF i Oslo. Syversen var rådgivar i justis- og politidepartementet i 1997–99 og statssekretær i barne- og familiedepartementet i 2003–05. Sidan 2005 har han vore stortingsrepresentant for Kristeleg Folkeparti frå Oslo.
Syversen var vararepresentant i Oslo kommunestyre for Kristeleg Folkeparti i 1989–91 og fast representant i 1991–2003, dei fire siste åra sat han som kommunalråd. Han var nestleiar i Oslo KrF i 1993–95, medlem av landsstyret og sentralstyret i partiet i 1997–99 og frå 2009. I perioden 1989–93 var han vararepresentant til Stortinget, og han har vore fast stortingsrepresentant for Kristeleg Folkeparti frå Oslo sidan 2005.
På Stortinget er han leiar av finanskomiteen og parlamentarisk nestleiar 2013—17. 2011—13 var han parlamentarisk leiar for Kristeleg Folkeparti. Syversen er ein tydeleg debattant, med lang politisk erfaring. Han arbeider mellom anna for ein betre bustadpolitikk og miljøpolitikk, og han er Israels-vennleg.
Syversen var medarbeidar i Oslo østre frikirkes barne- og ungdomsarbeid i 1981–2001, medlem av styret for Ticketmaster Norge A/S i 1989–91 og medlem av styret for Europabevegelsen i Oslo i 1994–96. Han er medlem av styret for Den Norske Atlanterhavskomité frå 2009.
  
Kjelder
Hans Olav Syversen, «Representanter og komiteer», stortinget.no: http://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=HOSY [lesedato 25.1.2013]
Tor-Bjørn Nordgaard: «– Troen er et ankerfeste», http://www.idag.no/aktuelt-oppslag.php3?ID=20291 [lesedato 25.1.2013]
Peikarar
«Syversen på topp for Oslo KrF»

Først publisert: 26.08.2013
Sist oppdatert: 20.08.2015