Faktaboks

Hans Seland

Hans Andreas Johanneson Seland

Fødd
5. mars 1867, Seland i Flekkefjord, Agder
Død
30. juni 1949, Seland i Flekkefjord, Agder
Verke
Bonde og forfattar
Familie

Foreldre: Bonde Johannes Ingvarson Seland (1829–1915) og Karen Sofia Staalesdotter (1835–1924).

Gift 22.6.1896 med Berte Serena Malde (17.12.1872–1966), dotter til handelsborgar Sven Knutson Malde (1843–1921) og Berte Marie Fosse (1849–81).

Farbror til Johannes Seland (1912–99).

Hans Seland

Hans Seland fotografert i Bergen i 1920. Foto frå Norsk biografisk leksikon.

Hans Seland
Av /NTB Scanpix ※.

Hans Seland var forfattar, folkelivsskildrar og humorist. I tillegg til å skrive bøker reiste han mykje rundt og opptredde, og i samtida si var han blant landets fremste og mest populære munnlege forteljekunstnarar.

Bakgrunn

Seland vart fødd på Seland ved Flekkefjord. Han tok utdanning på jordbruksskulen på Stend og overtok seinare slektsgarden etter faren. Han fann tidleg ut at han ville bli diktar, og tok i bruk sine gode evner som forfattar.

Frå 1890 til 1947 skreiv han over 50 bøker i ulike sjangrar: barne- og ungdomsbøker, skjemtesoger, folkelivsskildringar, ekteskapsromanar, omsetjingar, ein sjølvbiografi og fleire dokumentarbøker. Seland er i dag ein mindre kjend forfattar, men han var ein storleik i samtida si. Fleire av bøkene hans vart trykte i store opplag, og han ruvar i den første generasjonen som skreiv på landsmål.

Med sitt norske og nasjonale bondesyn fann Seland seg heime i Venstre, men då Bondepartiet vart stifta i 1920, melde han overgang dit. Han var varamann til Stortinget i to periodar, 1915–1918 og 1921–1924, og han var medlem av landsstyret i Noregs Bondelag i ei årrekkje.

Knytt til målmiljøet

Heilt frå han gjekk amtsskulen i nabobygda Feda tidleg i 1880-åra, rekna Seland seg som målmann. Skuletida hans fall saman med ein periode då landsmålet vann aukande popularitet over heile landet, og Seland fekk høyre norsk historie og lære norsk stil på skulen.

Ein periode arbeidde Seland som gartnar og altmoglegmann ved eit sjukehus i Bergen, og då vart han kjend med målmannen og bladstyraren Mons Litleré frå Sunnfjord. Seland skreiv for han og hjelpte til med bladet Firda og Sygnafylkets Avis ei stund, og seinare drog han fleire gonger rundt i Nordfjord for å selje bøker for Litleré. I 1890 debuterte han med boka Ungdom. Espen sine songar.

I 1893 kom Seland til hovudstaden for å styre bladet Nordmannen. Her vart han kjend med mange innanfor kulturverda, blant andre Hulda og Arne Garborg. Seland flytta sidan heim for å overta farsgarden, men han heldt seg gjennom heile livet med eit svært kontaktnett.

Forteljaren

Seland reiste mykje rundt i landet på forteljeferder, og namnet hans var truleg knytt vel så mykje til forteljekunsten som til bøkene. Av mange var han i lang tid rekna som den fremste folkelege forteljaren i landet, og i nyare tid ville han fått merkelappen ståoppkomikar. Seland samla fulle hus, og hausta mykje latter og applaus for historiene sine. Ein del av dei kom ut i bokform, som i Hikstorier (1893) og Morostubbar (1943).

Vanlegvis dikta ikkje Seland sogene sine. På ferdene møtte han mange ulike menneske, og han fekk høyre mange historier som festa seg i minnet hans. Han hadde god øving i å fortelje for sine eigne, og fleire av dei klassiske sogene for born som han har skrive, til dømes Prinsesse Gullsko og systrene hennar (1902), vart først til i barneflokken heime.

Folkelivsskildraren

Mange av dei litterære høgdepunkta til Seland finn vi i folkelivsskildringane hans, med Søren Lande. Bygdeliv frå Vest-Agder (1895)som den første i rekkja. Her tek han opp emne frå den nære fortida til si eiga samtid, og han skildrar livet på landsbygda med slit og strev, med også med humor og varme.

Mykje av inspirasjonen henta Seland frå bygdene der han kom frå. «Heimstaddiktar» er ein merkelapp som har blitt brukt på han, om ikkje i nedlatande meining, slik uttrykket i seinare tid har blitt brukt.

Seland si samtid var prega av oppbrot frå bondesamfunnet og utvandring til Amerika, noko han skildrar i trilogien om Tore Herdal – Synkvervd (1902), Tvo herrar (1911) og Vegvill (1917). Seland var sjølv to gonger i Amerika, første gongen med statsstipend. I Um Amerika og frendefolket i Vesterheimen (1904) kjem han med ferske inntrykk frå ferda si.

I strid for retten

I 1907 vart to sunnfjordingar, Mikal og Ole Hetle, dømde for å ha drepe naboen sin, i ei rettssak som skulle bli omtalt som eit av noregshistorias verste justismord. Seland stilte seg frå første stund på Hetle-karane si side og arbeidde hardt for å få saka deira opp att. Han skreiv sjølv ein av dei tre søknadene om oppattaking som vart avslått, og elles ei mengd innlegg i aviser og blad om saka.

Seland fekk til slutt oppleve at dei to vart frifunne under den andre verdskrigen. Han kom i 1947 ut med boka Hetlesaka som gjekk i 40 år. Noregs raraste rettssak, der han fortel om saka frå byrjing til slutt i sin eigen personlege tone.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Einar Arne: Hans Seland. Diktaren og mennesket. Oslo 1966
  • Gaute Losnegård: Død og pine. Justismordet Hetlesaka. Førde 2006
  • Morten Ringard: Hans Seland. En profil. Oslo 1949
  • Hans Seland: Hetlesaka som gjekk i 40 år. Noregs raraste rettssak. Oslo 1947
  • Hans Seland: Aar og dagar. Oslo 1931

Faktaboks

Hans Seland
Historisk befolkingsregister-ID
pf01073928001599

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg