Hopp til innhold
X
Innhald

Hartvig Sætra

Hartvig Sætra, botanikar, lektor og skribent og ein framståande talsmann for økopolitikk og -filosofi i Noreg.
Sætra vart fødd 25. oktober 1933 i Krødsherad og døydde 29. februar 2004. Han reiste til Gratangen for å arbeide som studentlærar. Seinare tok han lærarutdanning ved Oslo lærarskule og hovudfag i botanikk ved Universitetet i Bergen i 1971, men han flytta tilbake til Nord-Noreg og arbeidde som lektor ved vidaregåande skular i Tromsø og Nordreisa. Frå 1998 budde han i Målselv.
 
Han var politisk aktiv først i AP, seinare i SF, SV og NKP. Han markerte seg tidleg som kritikar av vekstsamfunnet og åtvara sterkt mot industrielt landbruk, naturøydeleggingar og overforbruk av naturressursar. Alt på byrjinga av 1970-talet omtalte han auke i CO2-utsleppa og drivhuseffekten som eit framtidig klimaproblem. Sætra var oppteken av praktiske, lokale løysingar på miljøproblema – økologisk forsvarleg hausting av krinslaupsressursane, større grad av sjølvberging og bruk av teknologi som ikkje overbelastar naturressursane.
 
Sætra var aktiv som skribent, og forutan ei rekkje artiklar og avisinnlegg har han skrive bøkene Populismen i norsk sosialisme (1971), Den økopolitiske sosialismen (1973), Ekologi och socialism (1977) og Jamvektssamfunnet er ikkje noko urtete-selskap (1990). I 2001 fekk han Vinjeprisen, som blir delt ut av Riksfondet for nynorsk presse.
 
Kjelder
Tom V. Nilsen: Det norske økofilosofiske forsøket og humanismen. Hovudoppgåve i idéhistorie. Universitetet i Oslo 2004.

Først publisert: 16.06.2009
Sist oppdatert: 27.04.2010