Hopp til innhold

Helge Seip

Helge Lunde Seip, redaktør og politikar. Han var partileiar, stortingsrepresentant og statsråd for Venstre, også kjend som ein kunnskapsrik valkommentator i radio og fjernsyn.

Helge Seip var fødd i Surnadal 5. mars 1919 og døydde i Bærum 29. januar 2004. Han blei cand.oecon. frå Universitetet i Oslo i 1941 og cand.jur. i 1942. Frå 1945 var han tilsett i Dagbladet, der han var politisk redaktør frå 1954 til 1958 og sjefredaktør frå 1958 til 1965.

Seip var stortingsrepresentant for Venstre i 1957–61 og 1965–73 og kommunal- og arbeidsminister i Per Bortens koalisjonsregjering i 1965–70. I 1970 blei han vald til partileiar i Venstre. Striden om EF-saka førte til at partiet blei kløyvd i november 1972, og Seip var blant EF-tilhengjarane som braut ut og skipa Det Nye Folkepartiet (frå 1980: Det Liberale Folkepartiet). Han blei vald til leiar for det nye partiet, men trekte seg då han miste stortingsmandatet i 1973. Det Liberale Folkepartiet blei oppløyst i 1988 og slått saman med Venstre igjen.

Seip var leiar for sekretariatet i Nordisk råd, presidiesekretær, i 1973–77 og sjefredaktør i Norges Handels- og Sjøfartstidende i 1977–80. Frå 1980 til han gjekk av med pensjon i 1989, var han direktør i det nyoppretta Datatilsynet. Som datadirektør la han grunnlag for personvernet i møte med den nye datateknologien.

Seip gav ut valhandbøker ved fleire stortings- og kommuneval. Han var mykje nytta som valkommentator i NRK.

Han blei utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden i 1989 og var æresmedlem av Foreininga Norden.

Kjelder

Jan Gunnar Arntzen (red.): Hvem er Hvem? Oslo 1994

Olav Garvik: Da Venstre sprakk. Oslo 1982

Guttorm Hansen mfl. (red.): Mennesket i sentrum. Festskrift til Helge Seips 70-års dag. Oslo 1989

Lars Hellberg: «Helge Seip», Norsk biografisk leksikon, bd. 8. Oslo 2004

Ottar Grepstad og Jostein Nærbøvik (red.): Venstres hundre år. Oslo 1984

Seip, Helge, «Representanter og komiteer», stortinget.no: https://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=HESE [lesedato 29.12.2015]

Først publisert: 05.07.2016
Sist oppdatert: 26.09.2016