Hopp til innhold
Henning Skumsvoll. Foto: Stortinget.
Henning Skumsvoll. Foto: Stortinget.
X
Innhald

Henning Skumsvoll

Henning Skumsvoll, sivilingeniør og stortingsrepresentant for Framstegspartiet frå Vest-Agder 2005–13.

Henning Skumsvoll er fødd 15. mars 1947 i Farsund i Vest-Agder. Han tok examen artium ved Farsund gymnas i 1967, sivilingeniørstudiet ved Heriot-Watt University i Skottland i 1968–72 og bedriftsøkonomi same staden i 1972–73.
Han arbeidde som ingeniør i Livingston i Skottland i 1973–77 og hos sivilingeniør Jørgen Holme i Lyngdal i 1977–81, og som teknisk sjef i Kvinesdal kommune i 1981–86. I 1986–89 arbeidde han som bistandsattaché i Tanzania for departementet for utviklingshjelp, i 1990–93 som utbyggingssjef ved Tinfos Jernverk, i 1993–94 som teknisk sjef i Farsund kommune og frå 1994 til 2005 som teknisk sjef og prosjektsjef ved Elkem Aluminium Lista. I to periodar frå 2005 til 2013 var han stortingsrepresentant for Framstegspartiet frå Vest-Agder.
Skumsvoll var medlem av Farsund kommunestyre frå 1995 til 2003, varaordførar i 2003–07 og var nestleiar i Vest-Agder Frp i 2004–05. Han blei vald som stortingsrepresentant i 2005 og for ein ny periode frå 2009. Han sa frå seg attval ved valet i 2013. Politisk arbeider han for betre vilkår for næringslivet, vegutbygging, utdanning, forsking og mindre byråkrati.
Skumsvoll var nestleiar i Lista idrettslag i 1964–66, kasserar i Rotary International i 1990–95, medlem av styret for Lista Lufthavn AS (LILAS) i 1999–2003 og medlem av styret for Sørlandets Industrisenter i 2002–05.
Kjelder
Henning Skumsvoll, Representanter og komiteer, stortinget.no: http://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=HSK [lesedato 1.3.2012]
Peikarar

Først publisert: 13.11.2013
Sist oppdatert: 20.08.2015