Hopp til innhold
Hill-Marta Solberg. Foto: Arbeiderpartiet, Flickr.com CC BY-ND 2.0.
Hill-Marta Solberg. Foto: Arbeiderpartiet, Flickr.com CC BY-ND 2.0.
X
Innhald

Hill-Marta Solberg

Hill-Marta Solberg, adjunkt, tidlegare statsråd, sentral i leiinga i Arbeidarpartiet i nesten 20 år og mangeårig stortingspolitikar frå Nordland for Arbeidarpartiet. Ho blei utnemnd til fylkesmann i Nordland i 2009.

Hill-Marta Solberg er fødd 12. november 1951 på Sortland i Nordland. Mellom1967 og 1970 tok ho vidaregåande skule, ho var student ved Trondheim lærerskole i 1970–73 og tok grunnfag i norsk i 1974 og grunnfag i historie i 1975 i Trondheim. Ho arbeidde som lærar i Mo i Rana i 1975–76, i Harstad i 1976–77 og på Sortland i 1977–87, før ho var ordførar i Sortland kommune i frå 1987 til 1993.

Ho var statsråd i Sosial- og helsedepartementet i den tredje regjeringa til Gro Harlem Brundtland i 1994–96 og deretter i Thorbjørn Jagland si regjering i 1996–97. Frå 1993 til 2009 var ho stortingsrepresentant, og etter 16 år på Stortinget blei ho utnemnd til fylkesmann i Nordland i 2009.

Solberg var varamedlem til Sortland kommunestyre i 1979–83, medlem av formannskapet i 1983–87 og ordførar i 1987–93. Ho var nestleiar og sekretær i Sortland Ap i 1989–93, medlem av styret for Nordland Ap i 1991–93, medlem av sentralstyret i Arbeidarpartiet i 1990–2007 og nestleiar i partiet i 1992–2007.

Solberg var stortingsrepresentant frå Nordland for Arbeiderpartiet i fire periodar, frå 1993 til 2009. Ho var mellom anna medlem i finanskomiteen fram til 2000, etter det medlem av utanrikskomiteen, samtidig som ho var parlamentarisk leiar for Arbeidarpartiet i 2000–01 og 2005–09.

Solberg har hatt mange administrative verv og tillitsverv, mellom anna som leiar av styret i Vinmonopolet frå 2009, medlem av Nordområdeutvalget i 2010–13 og leiar i Karanteneutvalget frå 2015.

Kjelder

Hill-Marta Solberg, «Representanter og komiteer», stortinget.no: https://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=HMS [lesedato 28.9.2016]

«Fylkesmann Hill-Marta Solberg», fylkesmannen.no: https://www.fylkesmannen.no/Nordland/Om-oss/Fylkesmann-Hill-Marta-Solberg/ [lesedato 28.9.2016]

Peikarar

Fylkesleksikonet for Nordland: «Fylkesmannen i Nordland», nfk.no

Cathrine Skogheim: «Folket og kommunestyrene har sagt sitt. Nå skal Hill-Marta Solberg levere sin anbefaling», fremover.no

VG: «Hill-Marta Solberg ny styreleder for Vinmonopolet», vg.no

«Hill-Marta Solberg fortsetter som fylkesmann i Nordland», fylkesmannen.no

Først publisert: 21.03.2017
Sist oppdatert: 21.03.2017