Hopp til innhold
Foto: Thomas Haugersveen/ Statsministerens kontor.
Foto: Thomas Haugersveen/ Statsministerens kontor.
X
Innhald

Ine Eriksen Søreide

Ine Marie Eriksen Søreide, jurist, stortingsrepresentant for Høgre frå Oslo  og Noregs første kvinnelege utanriksminister.

Ine Marie Eriksen Søreide er fødd 2. mai 1976 i Lørenskog i Akershus. Ho gjekk på Tromsdalen videregående skole i 1992–95 og blei cand.jur. ved Universitetet i Tromsø i 2007. Ho var stortingsrepresentant for Høgre frå Oslo i 2001–13, før ho blei forsvarsminister i Solberg-regjeringa i 2013 og utanriksminister 20. oktober 2017. 
Eriksen Søreide var første nestleiar av Troms Unge Høgre i 1995–96 og medlem av sentralstyret i Unge Høgre i 1996–2004, første nestleiar i 1998–2000 og leiar i 2000–04. Ho var ho varamedlem av Tromsø kommunestyre i 1995–99, medlem i det kvinnepolitiske utvalet til Høgre i 1998–2001 og medlem av sentralstyret til partiet frå 2000. I perioden 1997–2001 var ho vararepresentant til Stortinget for Troms Høgre, og i perioden 2001–05 var ho vararepresentant for Oslo Høgre, men møtte fast på Stortinget. Frå 2005 har ho vore vald inn på fast plass. Ho var først medlem, så leiar av kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen og i 2009–13 var ho leiar av utanriks- og forsvarskomiteen og den utanrikspolitiske talspersonen til Høgre.
Eriksen Søreide er ein sentral politikar i Høgre, og ho blir omtalt som hardt arbeidande og kunnskapsrik og ein viktig støttespelar for Erna Solberg. I 2017 blei ho den første kvinnelege utanriksministeren i Noreg.
Ho var medlem av styret for Den norsk-tyske Willy Brandt-stiftelsen i 2005–13 og har skrive artiklar i ulike bøker, aviser og tidsskrift.
Kjelder
Ine Marie Eriksen Søreide, «Representanter og komiteer», stortinget.no: http://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=IME [lesedato 20.10.2013]
Om Ine Marie Eriksen Søreide på nettsida til Høgre, hoyre.nohttps://hoyre.no/personprofiler/i/s/ine-marie-eriksen-soreide/ [lesedato 23.1.2019]
Olav Garvik: «Ida Marie Eriksen Søreide», snl.no: http://snl.no/Ine_Marie_Eriksen_S%C3%B8reide [lesedato 20.10.2013]
Peikarar

«Erna Solbergs sikre kort», morgenbladet.no

Først publisert: 04.02.2014
Sist oppdatert: 23.01.2019