Hopp til innhold
Foto: Guri Dahl/ Statsministerens kontor
Foto: Guri Dahl/ Statsministerens kontor
X
Innhald

Jens Stoltenberg

Jens Stoltenberg, politikar, sosialøkonom og generalsekretær i NATO. Han vart 17. mars 2000 den yngste statsministeren i Noreg gjennom tidene, og var statsminister samanhengande i åtte år.

Jens Stoltenberg er fødd 16. mars 1959 i Oslo. Han var på mange måtar fødd til å bli politikar. Som son til mangeårig utanriksminister Thorvald Stoltenberg og kona, ekspedisjonssjef Karin Heiberg Stoltenberg, vart han fødd inn i eit Arbeidaraparti-dynasti. Alt som 15-åring vart han i 1973 medlem i Arbeidarpartiets ungdomsorganisasjon, Arbeidernes Ungdomsfylking (AUF). Dagen etter at han fylte 41 år, vart han 17. mars 2000 den yngste statsministeren i Noreg gjennom tidene. Stoltenberg tok over etter Thorbjørn Jagland og var nokre månader yngre enn Gro Harlem Brundtland som hadde rekorden tidlegare.
Stoltenberg gjekk av 16. oktober 2013 etter åtte år som statsminister og gjekk av som leiar i Arbeidarpartiet 14. juni 2014, då han takka ja til ny jobb i NATO.
28. mars 2014 vart Stoltenberg utnemnd til generalsekretær i NATO. Han starta i jobben 1. oktober 2014.
Sjå video frå NRK Skole då Stoltenberg vart statsminister i 2000:
 
Sosialøkonom
Han har sjølv fortalt at han som nyutdanna sosialøkonom stod overfor valet mellom det å satse på politikken og å halde fram som forskar i Statistisk sentralbyrå. Tilbodet om å bli statssekretær for miljøvernminister Thorbjørn Berntsen i Gro Harlem Brundtlands tredje regjering vart for freistande. Hans analyserande evner kunne nok ha gjort han til ein framifrå forskar, men desse evnene har også kome han til stor nytte som politikar. Jens Stoltenberg er stolt av å vere sosialøkonom, og han har heile tida nytta denne lærdomen i si tilnærming til politikk. Han trur på fornuft og kunnskap, vitskap og fakta, helst fakta som kan talfestast.
Arbeidarpartiet har opp gjennom historia hatt mange interne maktkampar om dei fremste leiarverva. Også Jens Stoltenberg har vore i fleire slike. Kampane har dreiar seg om hans posisjon i partiet, men sjølv har han i liten grad stått fremst i striden. Andre har kjempa for han. Slik var det også på landsmøtet i Arbeidarpartiet i 1992. Under landsmøtet varsla Brundtland overraskande at ho ville gå av som partileiar. Begge nestleiarane, Gunnar Berge og Thorbjørn Berntsen, hadde sagt tvert nei til opprykk. Valet stod mellom Thorbjørn Jagland og Jens Stoltenberg.
Maktkamp
Dei representerte kvar sine fløyer i partiet.  Leiaren i valkomiteen, LO-leiar Yngve Hågensen, støtta Jagland, og Stoltenberg kunngjorde dermed at han ikkje var kandidat. I staden vart han nestleiar under Jagland. Tilhøvet mellom dei to som symbol for kvar sine fløyer i partiet prega norsk politikk i mange år framover. At Stoltenberg trekte seg frå leiarkampen, fekk mange til å spørje om han hadde den viljen til makt som trongst for ein som skulle bli leiar i Arbeidarpartiet.
Den 25. oktober 1996 gjekk Gro Harlem Brundtland av som statsminister, og Thorbjørn Jagland tok over. Jens Stoltenberg gjekk frå å vere statssekretær i Miljøverndepartementet til å bli finansminister i Jagland-regjeringa. Det var ein draumejobb for ein sosialøkonom, og han hadde den faglege tyngda som skulle til.
I 358 dagar fekk Stoltenberg sitje som finansminister. Fleire dagar fekk ikkje regjeringa Jagland, som slett ikkje vart nokon stor suksess. Før valet i 1997 stilte statsministeren nærast kabinettspørsmål til folket. Fekk ikkje partiet minst like stor oppslutning som i 1993, 36,9 prosent, ville han gå av. Valresultatet viste 35 prosent, og Jagland gjekk av.
Stoltenberg vart stortingsrepresentant dei neste to og eit halvt åra, og Arbeidarpartiet gjekk i opposisjon. Regjeringa Bondevik tok over med støtte frå berre 42 av dei 165 representantane i Stortinget. Ei så svak mindretalsregjering vart nokså raskt utsett for hardt skyts frå Arbeidarpartiet. Jens Stoltenberg vart leiar for energi- og miljøkomiteen, og arbeidet i denne komiteen la grunnlaget for eit framlegg om å byggje gasskraftverk. Regjeringa Bondevik var usamd, stilte kabinettspørsmål på saka i 2000 og tapte. 
Thorbjørn Jaglands posisjon både som parlamentarisk leiar og partileiar var blitt utsett for hard kritikk etter ultimatumet før valet i 1997. Arbeidarpartiet gjorde eit historisk dårleg kommuneval i 1999, og stendig fleire kravde at Jagland måtte overlate makta til Jens Stoltenberg. På landsstyremøte i partiet 10. februar i 2000 varsla Jagland at han gjekk av som parlamentarisk leiar, opna for Jens Stoltenberg som etterfølgjar og meinte at Stoltenberg også burde vere partiets statsministerkandidat. Dette dempa nok ikkje lysta til kaste Bondevik-regjeringa. 
Dårleg start
Den 17. mars 2000 gjekk Bondevik-regjeringa av, og den første Stoltenberg-regjeringa tok over. Som statsminister viste Jens Stoltenberg ein reformiver som i liten grad var forankra i partiprogrammet. Han lanserte delprivatisering av Statoil, børsnotering av Telenor, statleg overtaking av sjukehusa, reform i fylkeskommunane og også andre reformer som fekk mange i partiet til å knurre.
Stortingsvalet i 2001 vart eit katastrofeval for Arbeidarpartiet. 24,3 prosent av røystene var det dårlegaste valet sidan 1924. Mange la skulda for det dårlege valresultatet på rivaliseringa mellom statsminister Jens Stoltenberg og partileiar Thorbjørn Jagland, men dei to dreiv ikkje rivalisering seg imellom. Det var fløyene i partiet som brukte dei som symbol. Presset mot Jagland vart så sterkt at han på landsmøtet i 2002 trekte seg som partileiar og overlét roret til Jens Stoltenberg. Dermed hadde han alle toppverva i partiet.
Raudgrøn koalisjon
Før stortingsvalet i 2005 tok både SV og grupper i LO initiativ i retning av å få etablert ein breiare raudgrøn koalisjon. Også Jens Stoltenberg innsåg at den tida då Arbeidarpartiet kunne få fleirtal åleine, var forbi. Det elendige 2001-valet hadde lært han at den langvarige aversjonen i partiet mot regjeringssamarbeid med andre parti måtte ta slutt. Det vart forhandlingar med både Senterpartiet og SV, og dei tre partia kom fram til ei felles plattform som gav dei fleirtalet ved valet i 2005.
Sjå video frå NRK Skole: "Alt om statsministeren på 5 minutter":
 
Etterpå sette dei seg saman og forhandla fram den såkalla Soria Moria-fråsegna, eit regjeringsprogram for dei fire neste åra. Mange spådde koalisjonsregjeringa ei svært så usikker framtid. Særleg utanrikspolitisk var spriket stort mellom SV og dei andre, og usemja kom nokså snart til syne både innanfor SV og mellom SV og Senterpartiet og Arbeidarpartiet. Bygging av gasskraftverket på Mongstad med krav om full CO2-reinsing frå første dag, oljeboring utanfor Lofoten og Vesterålen, og norsk deltaking i militæroperasjonar og krigføring i utlandet var tunge stridstema for regjeringa. Likevel greidde partia å halde saman. Dei makta også å få fornya fleirtal ved valet i 2009.
Jens Stoltenberg må ta mykje av æra for at koalisjonsregjeringa har halde saman så lenge.  Han er ein kompromissmakar av rang, men også leiarane i Senterpartiet og SV har vore villige til å fire på mange primærstandpunkt for å kome Stoltenberg og Arbeidarpartiet i møte. Stoltenberg har stort tolmod når det gjeld å arbeide for eit felles standpunkt. Derfor er det ein tendens til at det tek lengre tid enn vanleg å få sakene gjennom i regjeringa. Stoltenberg gir seg ikkje viss han ikkje må, og han tenkjer nøye over kva saker han treng å vinne. Derimot er han ikkje god i personkonfliktar. Han tek for mange omsyn og ventar gjerne for lenge.
Stoltenberg tok til på statsministergjerninga si med ein ambisjon om å reformere offentleg sektor. Då fekk han sitt eige parti på nakken. Ambisjonen har stått ved lag, men han har måtta kompromisse med to alliansepartnarar som begge likar stat og styring.
Ei av dei største reformene frå hans hand er omlegginga til nytt pensjonssystem. I 2001 stod han fadder for den såkalla handlingsregelen som seier at ein berre kan bruke realavkastninga frå oljefondet, stipulert til fire prosent, som tilskot til statsbudsjettet. Han tek også mykje av æra for at Noreg kom så pass uskadd gjennom finanskrisa i 2008. Det var nok ikkje minst den tilliten han skapte gjennom den prosessen som sikra attval i 2009.
Eitårsmarkering i regjeringskvartalet 22.juli 2012. Ingrid Schulerud, Dronning Sonja, statsminister Jens Stoltenberg og Kong Harald. Foto: Statsministerens kontor, CC BY 2.0
Eitårsmarkering i regjeringskvartalet 22.juli 2012. Ingrid Schulerud, Dronning Sonja, statsminister Jens Stoltenberg og Kong Harald. Foto: Statsministerens kontor, CC BY 2.0
Statsmannstakter viste han ved terroråtaket mot regjeringskvartalet og den politiske massakren på Utøya 22. juli i 2011. Aldri før har Jens Stoltenberg kjent ansvaret tyngje meir enn denne ettermiddagen. Gjennom sterke talar og kloke ord i tv-intervju makta han å samle folket då ein gjerningsmann åleine greidde å ta livet av 77 menneske. Meiningsmålingar viste at Stoltenberg hadde støtte frå meir enn 90 prosent av innbyggjarane for måten han stod fram på. Desse dramatiske dagane steig han frå å vere statsminister til å aksle statsmannstrøya.

Nederlag
Ved stortingsvalet i 2013  vart Arbeidarpartiet Noregs største parti med 30,9 prosent av røystene, men det raudgrøne prosjektet fekk ikkje fornya tillit.  Jens Stoltenberg gjekk av som statsminister 16. oktober 2013. Då hadde han vore statsminister samanhengande i åtte år. Berre Einar Gerhardsen og Johan Nygaardsvold har regjert lenger.
14. juni 2014 gjekk Jens Stolteberg av som leiar for Arbeidarpartiet, eit verv han hadde hatt i 12 år.
Kjelder
Thor Viksveen: «Jens Stoltenberg. Et portrett». Oslo 2011
Gudleiv Forr, Per Egil Hegge, Olav Njølstad: «Mellom plikt og lyst. Norske statsministre 1873-2010». Oslo 2010

NATO: «Appointment of Secretary General designate», nato,int, publisert 28.3.2014: http://www.nato.int/cps/en/natolive/news_108390.htm [lesedato 28.3.2014]
NRK valg: «Valgresultat»: http://valg.nrk.no/valg2013/valgresultat [lesedato 10.9.13]
 
Videokjelder
«Stoltenberg blir statsminister», nrk.no http://www.nrk.no/skole/klippdetalj?topic=nrk:klipp/281867 [lesedato 11.6.13]
«Alt om statsministeren på 5 minutter», nrk.no: http://www.nrk.no/skole/klippdetalj?topic=nrk:klipp/825076 |lesedato 12.8.13| 

Først publisert: 20.02.2012
Sist oppdatert: 20.08.2015