Hopp til innhold
X
Innhald

Jonas Gahr Støre

Jonas Gahr Støre, leiar i Arbeidarpartiet og stortingsrepresentant. Norsk utanriksminister frå 2005 til 2012, deretter helse- og omsorgsminister frå 2012 til 2013

Jonas Gahr Støre er fødd i Oslo 25. august i 1960. Han har marineutdanning frå Sjøkrigsskulen og tok i åra 1981 til 1985 utdanning i statsvitskap ved Institut d’etudes politiques de Paris i Frankrike, ein av eliteskulane der.
I 1989 vart han tilsett som spesialrådgivar for dåverande statsminister Gro Harlem Brundtland. I 1995 vart han ekspedisjonssjef for internasjonale saker ved Statsministerens kontor, og då Gro Harlem Brundtland vart generaldirektør for Verdshelseorganisasjonen (WHO), følgde Jonas Gahr Støre med til Genève og vart stabssjef for generaldirektøren.
Jonas Gahr Støre tok over som leiar for Arbeidarpartiet i juni 2014. Foto: Arbeidarpartiet. flickr.com CC BY 2.0
Jonas Gahr Støre tok over som leiar for Arbeidarpartiet i juni 2014. Foto: Arbeidarpartiet. flickr.com CC BY 2.0
Etter å ha meldt seg inn i Arbeidarpartiet i 1995, fekk han si første politiske stilling, som statssekretær og stabssjef ved Statsministerens kontor i Jens Stoltenbergs første regjering, i 2000–01. I 2003 vart han generalsekretær i Norges Røde Kors, og det var han fram til han vart utanriksminister i Jens Stoltenbergs raudgrøne regjering hausten 2005. Han var utanriksminister til 2012, då han skifta departement og vart helse- og omsorgsminister fram til hausten 2013.
Ved stortingsvalet i 2009 vart Støre vald inn som stortingsrepresentant for Oslo, men møtte ikkje så lenge han er med i regjeringa. Han vart attvald som stortingsrepresentant ved valet i 2013. I 2011 vart han vald inn i sentralstyret i Arbeidarpartiet.
Jens Stoltenberg gjekk av som partileiar i Arbeidarpartiet 14. juni 2014. Jonas Gahr Støre vart vald til ny partileiar, utan motkandidatar.
Kjelder
Jonas Gahr Støre, biografi, regjeringen.no: http://www.regjeringen.no/nb/dep/hod/dep/helse--og-omsorgsminister--jonas-gahr-st.html?id=699546 [lesedato 18.4.2013]
Jonas Gahr Støre, biografi i Norsk biografisk leksikon, snl.no: http://snl.no/Jonas_Gahr_St%C3%B8re [lesedato 18.4.2013]

Først publisert: 19.04.2013
Sist oppdatert: 08.09.2017