Hopp til innhold
Foto: Stortinget
Foto: Stortinget
X
Innhald

Kåre Simensen

Kåre Simensen, IT-ingeniør og stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Finnmark sidan 2009.

Kåre Simensen er fødd 30. august 1955 i Alta i Finnmark. Han gjekk på Alta gymnas i 1976–78 og er cand.mag., med studiar i data ved Gjøvik ingeniørhøgskole i 1982–84 og økonomi og administrasjon ved Finnmark distriktshøgskole i Alta i 1988–90.
Simensen var skiferarbeidar og sjølvstendig næringsdrivande i 1973–76, data- og økonomimedarbeidar i Finnmarksdata AS i 1979–82, dataansvarleg for drift i Sparebanken Nord-Norge i 1984–88, kundekonsulent i Unique AS, avdeling Alta, i 1994–96 og dataprogrammerar i Simko Data AS i 1990–2007. i 2007–09 var han fylkesråd for kultur, næring og samferdsel i Finnmark fylkeskommune.
Han var kommunestyrerepresentant for Arbeidarpartiet i Alta kommunestyre i 1995–99, sat i formannskapet i 1999–2003, var varaordførar i 2003–07 og medlem av fylkesutvalet i Finnmark i 2007–09. Simensen blei stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Finnmark i 2009, vald på nytt for perioden 2013—17, og arbeider for å skape arbeidsplassar ved å utnytte naturressursane i fylket og ressursane i befolkninga.
Simensen var medlem av kultur-, nærings- og samferdselsutvalet i Finnmark og medlem av styret for Helse Nord RHF i 2007–09 og har vore meddommar i tingretten i Alta sidan 1995.
Kjelder
Kåre Simensen, «Representanter og komiteer», stortinget.no: http://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=KSIM [lesedato11.3.2012]
Peikarar
Bloggen til Kåre Simensen
Bloggen til Kåre Simensen, på Arbeidarpartiet sine nettsider

Først publisert: 18.12.2012
Sist oppdatert: 20.08.2015