Hopp til innhold
Foto: Regjeringen, Berit Roald/ Scanpix
Foto: Regjeringen, Berit Roald/ Scanpix
X
Innhald

Karl Eirik Schjøtt-Pedersen

Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, politikar for Arbeidarpartiet og tidlegare statsråd.

Karl Eirik Schjøtt-Pedersen er fødd i Vardø 3. oktober 1959. Han er utdanna cand.mag., med faga statsvitskap, sosialøkonomi og offentleg rett ved Universitetet i Oslo (1985). Han var stortingsrepresentant frå 1985 til 2009 og har hatt fleire statsrådspostar for Arbeidarpartiet. I perioden 2009–2013 var han statsråd i koalisjonsregjeringa av Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet.
Schjøtt-Pedersen var medlem av styret i Vardø Arbeidarparti i 1979–80, medlem av styret for Finnmark AUF i 1980–85 og medlem av sentralstyret i AUF i 1985–89. I 1979–85 var han medlem av kommunestyret i Vardø. Han blei vald inn på Stortinget for Arbeidarpartiet i Finnmark i 1985 og sat som stortingsrepresentant fram til 2009. Den første ministerposten hadde Schjøtt-Pedersen i 1996–97, som fiskeriminister i regjeringa til Thorbjørn Jagland. I den første regjeringa til Jens Stoltenberg, i 2000–01, var han finansminister. Han var statssekretær og stabssjef ved Statsministerens kontor i 2006–09 i Stoltenbergs andre regjering og var statsråd same staden 2009–13. Han vart då gjerne kalla samordningsminister, men utan å ha eit eige ansvarsområde.
På Stortinget har han mellom anna vore leiar i Finanskomiteen (1993–96 og 2005–06). Frå 1990-åra har han vore ein av dei sentrale politikarane i Arbeidarpartiet, og han var parlamentarisk nestleiar i 2005–06. Schjøtt-Pedersen har ei brei politisk orientering, men har særleg arbeidd med finans-, nærings- og distriktspolitikk. Han har vore medlem av ei rekkje politiske utval i Arbeidarpartiet, mellom anna Arbeidarpartiets næringsutval i 1985–87 og økonomisk-politiske utval i 1989–94. Han var leiar for Arbeidarpartiets Nord-Noreg-utval i 1992–93 og i kystutvalet i 2004–05.
Schjøtt-Pedersen har vore medlem i styret for Vardø sjukehus i 1981–85 og leiar for Europabevegelsens distriktspolitiske utval i 1989–90.
Kjelder
Knut Olav Åmås (red.): Hvem er hvem? Oslo 2006
Stortinget i navn og tall 2005–2009. Oslo 2006
Schjøtt-Pedersen, Karl Eirik, «Representanter og komiteer», stortinget.no: http://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=KSP [lesedato 29.9.2012]
«Statsråd ved Statsministerens kontor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen», regjeringen.no: http://www.regjeringen.no/nb/dep/smk/statsministerens-kontor/politisk_ledelse/statssekretar-karl-eirik-schjott-pederse.html?id=439605 [lesedato 29.9.2012]
http://nrk.no "Valgresultat" http://valg.nrk.no/valg2013/valgresultat/ [lesedato 10.9.2013]

Først publisert: 19.04.2013
Sist oppdatert: 21.02.2017