Hopp til innhold
Foto: Olav Heggø/ Fotovisjon
Foto: Olav Heggø/ Fotovisjon
X
Innhald

Ketil Solvik-Olsen

Ketil Solvik-Olsen, sosialøkonom, nestleiar i Framstegspartiet. Frå 2013 til 2018 var han samferdsleminister.

Ketil Solvik-Olsen er fødd 12. februar 1972 i Time i Rogaland. Han gjekk på Bryne vidaregåande skule i 1988–89, var utvekslingselev i Michigan i 1989–90 og tok IB-linja (International Baccalaureate) ved St. Olav videregående skole i Stavanger i 1990–92. Han studerte sosialøkonomi og statsvitskap ved University of Toledo i Ohio, USA i 1994–96 og tok mastergrad i sosialøkonomi same staden i 1997.
Solvik-Olsen var finansanalytikar ved Leif Höegh & Co i 1997–98, prosjektleiar ved Møller US Import AS i 1998–2000 og prosjektleiar hos Leif Höegh & Co i 2000–01. Han var spesialrådgivar for stortingsgruppa til Framstegspartiet i 2001–05, stortingsrepresentant for Framstegspartiet frå Rogaland i 2005–17 og samferdselsminister frå 2013 til han flytta til USA i 2018.

Han blei aktiv i ungdomsorganisasjonen til partiet (FpU) i 1988–92 som styremedlem i Time FpU, Jæren FpU og Rogaland FpU. Han var formann i Helsfyr Sinsen Frp i 2002, kassastyrar i Oslo Frp i 2002–04 og leiar i 2004–05. Han var vararepresentant i Oslo bystyre i 2003–05, varamedlem av Frps sentralstyre i 2005–06 og blei 2. nestleiar i partiet i 2013. For periodane 2005–13 var han stortingsrepresentant for Framstegspartiet frå Rogaland. I første periode var han medlem av energi- og miljøkomiteen, i andre periode var han første nestleiar i finanskomiteen. Frå 2011 blei han finanspolitisk talsmann for Framstegspartiet.

Han takka overraskande nei til attval på Stortinget i 2013, sjølv om han er blitt sett på som kunnskapsrik, flink i debattar, ein god ideolog, brubyggjar på borgarleg side og støttespelar for partileiar Siv Jensen. Solvik-Olsen har gitt partiet meir truverd og eit mindre populistisk preg.
Han har vore miljøpolitisk talsmann for Framstegspartiet og kritisk til at miljøproblema er menneskeskapte, men har kome med forslag om å forske på kjernekraft og meir vasskraftutbygging for å få ned utsleppa. Solvik-Olsen arbeider òg for meir ressursar til politi og helseføretak, betre vilkår for industrien og for å redusere bompengefinansieringa.

Kjelder
Ketil Solvik-Olsen, «Representanter og komiteer», stortinget.no: http://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=KETS [lesedato 16.10.2013]
Olav Garvik: «Ketil Solvik-Olsen», snl.no: http://snl.no/Ketil_Solvik-Olsen [lesedato 18.10.2013]
Peikarar

«Politisk eller vitenskapelig sannhet?», op.no

Først publisert: 04.02.2014
Sist oppdatert: 31.08.2018