Hopp til innhold
Lars Sponheim. Foto: Hordaland Venstre, Flickr.com CC BY 2.0.
Lars Sponheim. Foto: Hordaland Venstre, Flickr.com CC BY 2.0.
X
Innhald

Lars Sponheim

Lars Sponheim, sivilagronom, lektor og bonde. Han har vore partileiar i Venstre, statsråd og stortingsrepresentant for Venstre frå Hordaland i fire periodar. Han blei utnemnd til fylkesmann i Hordaland i 2010.

Lars Sponheim er fødd 23. mai 1957 i Halden i Østfold der han òg tok vidaregåande skule i 1973–76. Han var elev ved Kalnes jordbruksskole i 1976–77 og blei cand.agric. etter fem års studium ved Noregs Landbrukshøgskole i 1981. Etter denne utdanninga flytta han til Ulvik, kor han òg tok over slektsgarden Sponheim. I 1985 tok han pedagogisk seminar.

Sponheim arbeidde som konsulent ved A/S Consults i Ulvik i 1981–84, var lektor i 1984–88 og rektor ved Statens gartnarskule på Hjeltnes til 1992. Frå 1993 var han jordbrukssjef i Ulvik og Granvin. Han var stortingsrepresentant for Venstre frå Hordland i 1993–2009, avbrote av to periodar som statsråd. Han var nærings- og handelsminister i 1997–2000 i Bondevik I‑regjeringa og landbruksminister i Bondevik II‑regjeringa i 2001–05. I 2010 blei han så utnemnd til fylkesmann i Hordaland.

Sponheim var medlem av kommunestyret og formannskapet for Venstre i Ulvik i 1983–87 og var ordførar i Ulvik i 1987–91. Han var medlem av fylkestinget i Hordaland i 1991–93, medlem av sentralstyret og landsstyret i Venstre i 1990–92 og var leiar i partiet i 14 år, mellom 1996 og 2010.

Som stortingsrepresentant var han medlem av finanskomiteen i første og fjerde periode, og han hadde òg nokre år i utanrikskomiteen. Han var parlamentarisk leiar for Venstre i heile stortingsperioden sin.

Venstre hadde vore utan representasjon på Stortinget i åtte år då Lars Sponheim blei vald inn, og den uredde, markante og høglytte politikaren blei sedd på som redningsmannen til partiet. Men etter at Venstre hamna under sperregrensa igjen etter stortingsvalet i 2009, annonserte han at han ville gå av i 2010.

Sponheim var styreleiar i Norsk Tipping i 2009–15, fekk Dagligvareprisen i 2003 og blei kommandør av St. Olavs Orden i 2004.

Kjelder

Thomas Havro Hansen: Sponheim. Oslo 2010

Olav Garvik og Olav Kobbeltveit: Sponheim. Uautorisert. Oslo 2010

Lars Sponheim, «Representanter og komiteer», stortinget.no: https://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=LS [lesedato 11.9.2016]

Peikarar

Aftenposten: «Sponheims politiske milepæler», aftenposten.no

Øystein Andersen: «– Jeg er usedvanleg godt kvalifisert til å bli fylkesmann», dagbladet.no

Nicolai Heyerdahl og Stine Barstad: «Lars Sponheim blir tippe-sjef», aftenposten.no

Ingvild Siglen Berger: «Lars Sponheim ny mellombels fylkesmann», avisa-hordaland.no

Ola Stenberg: «Slik var Sponheims politiske liv», vg.no

Først publisert: 13.02.2017
Sist oppdatert: 01.03.2017