Hopp til innhold
Lodve Solholm. Foto: Vidar Myklebust/Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Nytta etter avtale.
Lodve Solholm. Foto: Vidar Myklebust/Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Nytta etter avtale.
X
Innhald

Lodve Solholm

Lodve Solholm, tidlegare fylkesmann og politikar. Han var fylkesmann i Møre og Romsdal 2009–2018 og stortingsrepresentant frå same fylke i 16 år, som representant for Framstegspartiet. Frå 2001 til 2005 var han president i Lagtinget. Solholm er styreleiar i Nynorsk kultursentrum. 

Lodve Solholm vart fødd i Vestnes i Møre og Romsdal 14. mars 1949. Han tok lærarskuleeksamen ved Volda lærarskule i 1972 og fekk lærarpost ved Vestnes ungdomsskule første året. I 1973 vart han lærar ved Skarbø skule i Ørskog, seinare i mange år lærar ved Sjøholt skule. I 1995 vart Solholm etatssjef  for opplæring, kyrkje og kultur i Ørskog kommune. Same året tok han grunnfagseksamen i statsvitskap ved Høgskolen i Molde.

Lodve Solholm vart med i styret for Møre og Romsdal Framstegsparti i 1975, og vart vald til formann  året etter, eit verv han hadde i fleire periodar. Han var med på å skipe Ørskog lokallag av Framstegspartiet i 1976, og sat som formann i lokallaget frå 1978 til 1982 og frå 1994 til 1997. Under Lodve Solholm si leiing oppnådde Ørskog FrP fleire kjemperesultat både i lokalval og i stortingsval. Ved kommunevalet i 1983 oppnådde Ørskog Frp 17,4 prosent oppslutning, den nest sterkaste oppslutninga partiet hadde i ein kommune i heile landet, og ved fylkestingsvalet i 1987 fekk Frp-lista heile 29,3 prosent med Lodve Solholm på topp. Han var også gruppeleiar i kommunestyret for Frp frå 1977 til 1989, og i fylkestinget i Møre og Romsdal frå 1980 til 1990. I 1983 til 1990 var han også medlem av fylkesutvalet.

Lodve Solholm vart i 1979 medlem av sentralstyret i Framstegspartiet, eit verv han hadde i fleire periodar. Solholm var medlem i Løvebakken  Mållag.  På landsmøtet i FrPi 1986 vart han vald til ordførar i partiet, og frå 1994 til 1999 var han første nestleiar i Frp, og hadde som ei viktig oppgåve å rydde opp i både personstrid og organisasjonsstrid rundt om å partiet. Lodve Solholms evne som meklar og konfliktløysar kom til sin rett i slike situasjonar.

På slutten av 1990-talet flytta Lodve Solholm til Ålesund. Her var han bystyremedlem 1999–2009. I perioden 2007–2009 var han varaordførar i byen og fungerte som ordførar under den tragiske Fjelltun-ulukka der eit steinras øydela ei bustadblokk og fem menneske omkom. Solholm fekk mykje ros som overordna leiar for det kommunale krisearbeidet under og etter ulukka.

Lodve Solholm stod på førsteplass på stortingsvallista for Framstegspartiet i 1989, og med 13 prosent av stemmene vart han den første Frp-representanten frå Møre og Romsdal. I 1993 fall han ut av Stortinget, men kom inn att i 1997 og sat då samanhengande til han sa frå seg attval i 2009. I staden søkte han på den ledige stillinga som fylkesmann i Møre og Romsdal og vart utnemnd i denne stillinga 19. desember i 2008. Han tok til i 2009, og gjekk av ved utgangen av 2018 etter oppnådd aldersgrense. 

Frå februar 2014 er Solholm styreleiar i Nynorsk kultursentrum, og han var styreleiar i Allkunne AS 2014–2016. Han har i alle år vore språkpolitisk tydeleg og engasjert, både i og utanfor Framstegspartiet så lenge han var aktiv der. I 2009 vart Solholm tildelt Fjøslykta, den høgste utmerkinga i partiet.

Kjelder

Framstegspartiet, e- post og telefonsamtale 26.2.2014

Lodve Solholm, stortinget.nohttps://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=LOSO [lesedato 26.2.2014]

Først publisert: 26.02.2014
Sist oppdatert: 04.02.2019