Magnus Stangeland
Magnus Stangeland, tidlegare stortingsrepresentant for Hordaland Senterparti. Han har hatt ei rekkje stillingar i næringslivet, og han har vore i rettssak om stortingspensjonen, som han seinare vart frikjend for.
Magnus Stangeland er fødd 17. mars 1941 i Austevoll i Hordaland. Han gjekk ut frå lærarskulen på Stord i 1966 og tok i 1970 handelsskuleeksamen i Bergen. Han tok òg kurs som kystskipper ved Fiskarfagskulen i Austevoll i 1996. Stangeland var rektor på Storebø skule frå 1970 til 1978. Før det arbeidde han som lærar, som idrettsinstruktør i Sjøforsvaret og som fiskar. I 1997 vart han administrerande direktør i DOF Industri A/S og har i dag tilsvarande stilling i North Sea Drilling Group AS.
Stangeland var ordførar for Senterpartiet i Austevoll frå 1975 til 1981 og medlem av Hordaland fylkesting frå 1981 til 1983. Han vart vald inn på Stortinget i 1985 og sat til 1997. Han var medlem av fleire komitear, og frå 1993 til 1997 var han leiar for samferdselskomiteen. Han vart referert på nynorsk i Stortinget.
I 2011 vart Stangeland, saman med Anders Talleraas frå Høgre, dømd til fengselsstraff i Oslo tingrett for grovt aktlaust bedrageri, etter utbetaling av for høg stortingspensjon. Han vart seinare frikjend i lagmannsretten.
Kjelder
Peikarar
Først publisert: 31.03.2014
Sist oppdatert: 31.03.2014