Hopp til innhold
X
Innhald

Nils Nilsson Skaar

Nils Nilsson Skaar, avisredaktør og lokal- og rikspolitikar frå Hardanger. Han dreiv avisa Hordaland Folkeblad gjennom meir enn ein mannsalder og sat som stortingsrepresentant mest like lenge.
Skaar vart fødd i Fyksesundet i Kvam 28. mars 1852 og døydde 12. juni 1948. Han var son til Nils Nilsen Skaar, som var engasjert i politisk arbeid gjennom mange tiår. Skaar kom til å arve rolla til faren som bygdehovding og politikar.
 
Skaar fekk utdanning ved Voss lærarskule 1866–68, Stord seminar 1869–70 og Christoffer Bruun sin folkehøgskule i Gausdal 1872. Han verka som lærar ved ulike folkehøgskular 1872–85. I 1878 overtok han som redaktør og sidan som eigar av avisa Hardangeren, som han døypte om til Søndre Bergenhus Folkeblad og seinare Hordaland Folkeblad. Frå 1882 budde han i Norheimsund, der avisa kom ut. Skaar skreiv ikkje berre om lokale saker. Han kommenterte stadig rikspolitikken og vart lesen i vide krinsar, også i hovudstaden.
 
På Stortinget sat Skaar som representant frå Hordaland (Søndre Bergenhus) for Venstre 1886–88, Det moderate Venstre i 1889–94 og Venstre 1910–24. Han var medlem av kommunestyret i Kvam (Vikør) 1886–1919 og var ordførar 1888–1919. I tillegg hadde han ei rekkje andre offentlege og private verv, mellom anna som formann i Kvams venstreforening og Hordaland Mållag. Frå 1925 til 1936 var han redaktør for Hardanger historielag sitt tidsskrift.
 
Kjelder
Lars Ek: Stortingsmann Nils Skaar. En moderat venstremanns politiske utvikling i årene 1885-1894. Hovudoppgåve i historie ved Universitetet i Oslo. 1965
Nils Kolle: Bygdebok for Kvam bind II. Liv og lagnad på 1800-talet. Kvam 1999

Først publisert: 16.06.2009
Sist oppdatert: 17.02.2010