Hopp til innhold
Fylkesordførar Nils R. Sandal. Foto: Brit Jorunn Svanes, NRK.
Fylkesordførar Nils R. Sandal. Foto: Brit Jorunn Svanes, NRK.
X
Innhald

Nils R. Sandal

Nils Reielsson Sandal, lokalpolitikar og fylkespolitikar for Senterpartiet. Som fylkesordførar i Sogn og Fjordane gjennom tolv år markerte han seg som politisk og representativ frontfigur for fylket.

Nils R. Sandal er fødd 9. juni 1950 i Breim i Gloppen i Sogn og Fjordane. Han arbeidde som gardbrukar og trailersjåfør før han vart profesjonell politikar. Etter å ha engasjert seg i EF-kampen i 1972 gjekk han inn i lokalpolitikken, først som kandidat for ei bygdeliste, seinare for Senterpartiet. I 1984–86 var han varaordførar i Gloppen og i 1986–99 ordførar. I 1997–2001 var han vararepresentant til Stortinget frå Sogn og Fjordane, og i 1999–2011 var han fylkesordførar. Han har også hatt verv i Senterpartiet sentralt, mellom anna som partiet sin valkampleiar i 1999.
I si tid som fylkesordførar har Sandal ikkje minst arbeidd med å rette fokus mot dei spesielle utfordringane som det rurale fylket Sogn og Fjordane har. I 2007 kalla han saman ein eigen tenketank for å greie ut om strategiar mot sentralisering og fråflytting frå distrikta.
Sandal har ei fortid som countrymusikar (gitar og song). Han spela ei viktig rolle under etableringa av Norsk Country Treff på Breim, ein festival som har vorte arrangert kvart år sidan 1995, og som hadde status som knutepunktfestival frå 2011 til 2016.
 
Kjelder
Henning Rivedal: Nils den store – 12 år ved fylkesroret, sfj.no, publisert 2.1.2012, 
[lesedato 3.5.2012]

Først publisert: 06.07.2012
Sist oppdatert: 01.08.2018